Skjenkjeløyve

Beskrivelse
 

Personar eller verksemder som ønskjer å drive ein serveringsstad som sel alkoholhaldig drikk, må søkje kommunen om skjenkjeløyve. Skjenkjeløyve vert gjeve maks fire år om gongen. Endringar i løyva skjer ofte fleire gonger i løpet av løyveperioden. Dette kan skje til dømes ved skifte av styrar og avløysar for løyvet, endringar i driftskonsept og endringar i eigarforhold. Slike endringar krev ofte ny godkjenning, eventuelt nytt løyve. Løyvet fell bort ved overdraging av verksemda. Verksemda kan likevel halde fram på det tidlegare løyvet i inntil tre månader. Føresetnaden er at løyvemyndigheitene er underretta om dette og at det søkjast om nytt løyve så snart som råd og seinast innan 30 dagar etter overdraginga.
 

Løyvet kan gjelda:

  • alkoholhaldig drikk gruppe 1 (eks. øl)
  • alkoholhaldig drikk gruppe 1 og 2 (eks. øl og vin)  
  • all alkoholhaldig drikk gruppe 1, 2 og 3 (eks. øl, vin og brennevin)

 

Kriteriar
 

Skjenkjeløyvet kan ikkje bli gitt ålene, det må òg liggje føre eit serveringsløyve. Løyvesøkjaren og personar som har vesentleg innverknad på verksemda, må ha utvist ulasteleg vandel. For kvart løyve skal det peikast ut ein skjenkestyrar og ein stedfortredar. Styrar og stedfortredar må begge ha teke kunnskapsprøven for skjenkeløyve. Begge personane må vere over 20 år og arbeide i verksemda. Dei må oppfylla dei krava som er sett i alkohollova og serveringslova.
 

Behandling
 

Når søknaden er motteken i kommunen, vert det innhenta fråsegner frå politiet, sosialtenesta og skatte- og avgiftsmyndigheitene. Løyvet vert avgjort av Odda formannskap. 
 

Behandlingstid
 

Behandlingstida i kommunen er utrekna til om lag to månader.
 

Klage
 

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.
 

Vedlegg

  • Planteikningar over areal og funksjonar i lokalet.
  • Dokumentasjon på kunnskapsprøve om alkohollova for styrar og stedfortredar.
  • Dokumentasjon på etablerarprøve for dagleg leiar av verksemda.
  • Skatteattest for sentrale personar i verksemda.
  • Firmaattest.
  • Driftkonsept.

     

Veiledning
 

Du må søkje elektronisk. Søknadsskjema finn du på denne sida. Du kan kontakte kommunen for å få rettleiing.
 

Referanser

Sist endret 13.12.2017
Odda kommune
Besøksadr. rådhuset Opheimsgata 31
5750 Odda
E-post : post@odda.kommune.no
Telefon
: 53 65 40 00

Org.nr.
: 964 967 814
Kontonr.
: 3530 30 66975
Kommunenr.
: 1228
Odda kommune Opheimsgata 31, 5750 Odda Tlf: 53 65 40 00 post@odda.kommune.no      Faktura okonomi@odda.kommune.no