Skjenkjeløyve for einskildhøve

Beskrivelse
 

Skjenkeløvyve for einskildhøve er løyve på lik linje som med eit fast skjenkeløyve. Sakshandsaminga er forenkla, då det gis for kortare periode, til dømes til ein bygdafest, eller ein konsert.

Løyvet kan gjelde for alkohol gruppe 1 (eks. øl) eller gruppe 1 og 2 (eksempel øl og vin). Det vert ikkje gjeve for gruppe 3 (brennevin) for einskildhøve.
 

Kriterier
 

På større arrangement, som til dømes bygdafest, er det krav om at styrar og stedfortredar og 1/3 av vaktene må ha kunnskapsprøven for alkohollova, eller delteke på Odda kommune sitt tilpassa kurs i alkohollova som vert arrangert ved behov. Vaktliste skal godkjennast av politiet, dei må ha melding om arrangementet minst ein månad før det skal vera.
 

Handsaming
 

Odda kommune innhenter uttale frå politiet og NAV Odda. Deretter behandlar dei søknaden. Handsamingstida er omlag 3-4 veker.

 

Klage
 

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.

 

Veiledning
 

Du må søkje skriftleg i god tid før arrangementet skal vere. Søknaden skal innehalde opplysningar om kva slags arrangement det er snakk om, kven som er arrangør, kor og når arrangementet skal vere, kor mange deltakarar og kven som er ansvarleg skjenkjestyrar. Ansvarshavande må gjere seg kjent med føresegnene i alkohollova og med lokale retningsliner.
 

Pris på løyvet:

  • For 0-99 personar  - kr. 600.-
  • For 100-200 personar - kr. 1 500.-
  • Over 200 personar - kr. 3000.-

 
 

Referanser

Sist endret 13.12.2017
Odda kommune
Besøksadr. rådhuset Opheimsgata 31
5750 Odda
E-post : post@odda.kommune.no
Telefon
: 53 65 40 00

Org.nr.
: 964 967 814
Kontonr.
: 3201.50.24584
Kommunenr.
: 1228
Odda kommune Opheimsgata 31, 5750 Odda Tlf: 53 65 40 00 post@odda.kommune.no      Faktura okonomi@odda.kommune.no