Skip Navigation LinksOdda.kommune.no > Tjenester

Startlån bustad

Beskrivelse

Dersom du har etableringsproblem, kan startlånet bidra til at du kan skaffe deg ein nøktern, god heilårsbustad. Startlånet blir gjeve

  • som topp- eller fullfinansiering ved kjøp av bustad
  • til utbetring av noverande bustad
  • til refinansiering slik at husstanden kan bli buande i noverande bustad
  • til toppfinansiering ved bygging av ny bustad

Oppdatert

30.08.2011 08:30

Kriterier

Busituasjonen din er ikkje tilfredsstillande. Du må kunne dokumentere kva husstanden kan betale samla og vere i stand til å betene renter og avdrag på lånet.

Målgruppe

  • unge i etableringsfasen
  • barnefamiliar
  • einslege forsørgjarar
  • funksjonshemma
  • flyktningar og personar med opphaldsløyve på humanitært grunnlag
  • økonomisk vanskelegstilte husstandar

Pris

Lånet følgjer rentevilkåra i Husbanken.

Behandlingstid

Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når ein ventar at vedtaket blir gjort.

Klage

 

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Held kommunen fast på avgjerda, blir saka sendt vidare til klagenemnda i kommunen for behandling.

Vedlegg

  • Eventuell salsoppgåve/takst av bustaden (ikkje eldre enn seks månader)
  • Sjølvmelding og likningsutskrift frå det siste året  

  • Finansieringsplan
  • Dokumentasjon på eventuell eigenkapital / annan finansiering
  • Lønnsslipp for dei to siste månadene
  • Trygdeytingar (giroblankett)
  • Barnebidrag (giroblankett)
  • Husleige/fellesutgifter, eventuelt andre buutgifter (ved førehandsgodkjenning gjeld ikkje dette)
  • Gjeldsforhold (nedbetalingsplan for alle lån)
  • Andre utgifter (dagmamma, barnehage o.l.)
  • Eventuelle separasjonspapir/skifteavtale
  • Kopi av gyldig legitimasjon
  • Eventuell legeattest/sosialrapport

Veiledning

Du må sende skriftleg søknad med dokumentasjon til kommunen for å få startlån. Søknadsskjemaet får du ved å vende deg til kommunen eller via lenkja under. Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til til å søkje om startlån.

Referanser

Sist endret 07.11.2013
Odda kommune Opheimsgata 31, 5750 Odda Tlf: 53 65 40 00 post@odda.kommune.no      Faktura okonomi@odda.kommune.no