Tekniske hjelpemiddel - utlån

Beskrivelse

Er du funksjonshemma eller har du vore operert eller utsett for skade eller sjukdom, kan du få låne tekniske hjelpemiddel. Hjelpemiddel gjev dei som treng det, ein lettare kvardag, og ein kan låne dei for ein kortare eller lengre periode.

Oppdatert

21.12.2011 12:02

Kriterier

Du har nedsett funksjonsevne for ein kortare eller lengre periode.

Pris

Hjelpemiddel ved varig behov (over to år) blir dekte av folketrygda. Kommunen dekkjer utlån ved kortare behov.

Behandling

Kommunen kartleggjer hjelpebehova dine. Normalt vil vi kome på heimebesøk. For tildeling av hjelpemiddel til varig bruk blir det gjort eit vedtak etter folketrygdlova. I vedtaket går det fram om du har fått tildelt tenesta eller ikkje. Dersom du får avslag, skal du samtidig ha ei grunngjeving for avslaget.

Behandlingstid

Kommunen / Nav Hjelprmiddelsentral har plikt til å behandle saka så snart som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det. Du skal samstundes få opplyst om når ein meiner at vedtaket vil bli gjort.

Klage

Du kan klage på avslag om å få tildelt tekniske hjelpemiddel til varig bruk innan ein frist på seks veker frå du mottok vedtaket. Klagen sender du til Nav Hjelpemiddelsentral i fylket. I klagen skal du føre opp kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Dersom Hjelpemiddelsentralen let avgjerda stå, blir saka send vidare til Nav Klageeining, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.

Veiledning

Det er kommunen du skal kontakte når du har behov for tekniske hjelpemiddel. Opplæring i bruk av hjelpemidla, montering og eventuell reparasjon blir vanlegvis utført av kommunen. Når det gjeld hjelpemiddel til varig bruk, sørgjer kommunen for at søknad blir sendt til Nav Hjelpemiddelsentral i fylket.

Referanser

Sist endret 07.11.2013
Odda kommune
Besøksadr. rådhuset Opheimsgata 31
5750 Odda
E-post : post@odda.kommune.no
Telefon
: 53 65 40 00

Org.nr.
: 964 967 814
Kontonr.
: 3201.50.24584
Kommunenr.
: 1228
Odda kommune Opheimsgata 31, 5750 Odda Tlf: 53 65 40 00 post@odda.kommune.no      Faktura okonomi@odda.kommune.no