Uthus - mindre, frittliggjande

Beskrivelse

Dersom du skal oppføre
  • ei leikestove
  • ei vedbu
  • ei sportsbu
  • ei reiskapsbu
  • eit hageveksthus e.l.
(heretter kalla uthus), treng du normalt ikkje sende inn søknad til plan- og bygningsmyndigheita. (Dette gjeld likevel ikkje dersom uthuset du skal oppføre ligg innanfor 100-meterbeltet frå sjø.) Det er likevel ei rekkje vilkår som må oppfyllast. Ønskjer du dispensasjon frå gjeldande føresegner, må du i alle fall sende ein søknad.

Det er ikkje noko formelt krav om nabovarsel, men det kan ofte vere ein fordel at du snakkar med naboar og tverrbuarar som kan tenkjast å bli berørte av uthuset. Du kan da gjere det klart at det ikkje er nødvendig å sende inn melding/søknad, så sant tiltaket ikkje medfører urimeleg ulempe eller er til sjenanse.

Oppdatert

04.09.2008 13:52

Kriterier

Generelle vilkår:
  • Det må vere eit mindre tiltak som ikkje fører til fare eller ulempe for omgivnadene
  • Du må sjå til at uthuset ikkje kjem for nær eller i konflikt med det kommunale leidningsnettet for vatn og avløp
  • Uthuset må oppfylle alle relevante byggtekniske krav
  • Uthuset er ikkje i strid med plan- og bygningslova, medrekna tilfredsstillande estetisk utforming 
  • Uthuset er ikkje i strid med arealdelen i kommuneplanen, reguleringsplan eller utbyggingsplan
Særskilde vilkår for oppføring av uthus:
  • Gjeld berre for eigedom som det er bygt på frå før
  • Uthuset må ikkje brukast som varig opphaldsstad for personar (ikkje godkjend for overnatting)
  • Maksimum bruttoareal er 15 m2
  • Maksimum gesimshøgd er 2,5 meter
  • Maksimum mønehøgd er 3,0 meter
  • Minimumsavstand til annan bygning er 1,0 meter
  • Minimumsavstand til nabogrense er 4,0 meter
  • Uthuset skal plasserast innanfor byggjegrense fastsett i reguleringsplanen, veglova eller jarnbanelova

Målgruppe

Hus- og tomteeigarar

Klage

Tiltak som er unntatt søknadsplikt, kan ikkje påklagast av naboar og andre involverte. Dei må be kommunen gripe inn. Kommunen vil vurdere om innvendingane er rettkomne. Kommunen kan - i spesielle tilfelle - konkludere med at tiltaket er i strid med regelverket eller anta at tiltaket medfører sjenanse for omgivnadene. I slike tilfelle må tiltaket behandlast som ein søknad. Vedtaket frå denne behandlinga kan påklagast av partane, deg eller naboane. Klagefristen er tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir ståande, vil saka bli sendt til Fylkesmannen.

Veiledning

Du treng ikkje å sende melding/søknad til kommunen dersom byggjetiltaket oppfyller alle vilkåra over. Er du i tvil, så kontakt kommunen for å få meir informasjon. Hugs at du er sjølv ansvarleg for at byggjetiltaket ikkje skjer i strid med dei nemnde reglane.

Referanser

Sist endret 07.11.2013
Odda kommune Opheimsgata 31, 5750 Odda Tlf: 53 65 40 00 post@odda.kommune.no      Faktura okonomi@odda.kommune.no