Utsleppsløyve

Beskrivelse

Eiger du bustad, hytte, turistbedrift og liknande som ikkje er knytta til (eller kan knyttast til) offentleg avløpsanlegg, må du søkje kommunen om løyve til å sleppe ut avløpsvatn. Hvis verksemda berre slepper ut gråvatn, gjeld plikta berre dersom du har innlagt vatn. Med avløpsvatn meiner ein avløp frå vassklosett, kjøkken, bad og vaskerom. Med innlagt vatn meiner ein vatn frå vassverk, brønn og cisterneanlegg som blir ført innandørs gjennom leidning. Med gråvatn meiner ein avløp frå kjøkken, bad og vaskerom (klosettavløp ikkje inkludert).

Oppdatert

26.10.2010 12:52

Kriterier

Utsleppet er mindre enn 50 pe (personekvivalentar). Standardvilkåra går elles fram av forurensningsforskriften kap. 12. Vilkår kan òg gå fram av løyvet. Eigaren av avløpsanlegget er ansvarleg for drift og vedlikehald etter forskrifta.

Kommunen kan kontrollere at anlegget er lokalisert, bygt og drive i samsvar med vilkår som går fram av løyvet.

Behandling

Kommunen kan under søknadsbehandlinga fastsetje krav som skil seg frå kap. 12 i forskrifta eller nekte etableringa av utslepp. Når kommunen avgjer om det skal fastsetjast andre krav, skal det leggjast vekt på ureiningsulemper samanlikna med dei føremona og ulempane som tiltaket elles vil medføre.

Behandlingstid

Fullstendig søknad om utsleppsløyve som er i samsvar med krava i kap. 12 i forskrifta, skal avgjerast av kommunen innan seks veker. Dersom kommunen ikkje har avgjort saka før fristen har gått ut, kan ein rekne med at løyvet er gjeve såframt det ikkje er nokon grunn til å tru at nokon av partane vil vere misnøgde med dette. Fullstendig søknad med krav som skil seg frå forskrifta, skal avgjerast så snart som mogleg.

Klage

Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sendar du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er klagenemnda i kommunen. Før klaga sendast dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til endre det. Dersom vedtaket blir ståande, vil saka bli sendt til klagenemnda.

Veiledning

Kommunen gjev rettleiing om vilkår, forundersøkingar og korleis du skal søkje om utsleppsløyve. Skriftleg søknad skal mellom anna innehalde desse opplysingane:

  • dokumentasjon på korleis ein skal etablere og drive utslepp
  • om utsleppet skal etablerast og drivast i samsvar med krava i kap. 12 i forurensningsforskriften eller om det blir søkt om fritak frå krava
  • plassering av avløpsanlegg og utsleppsstad på kart
  • interesser som ein trur etableringa får følgjer for, til dømes drikkevatn

Partar og andre som saka kan få følgjer for, skal ha varsel om innhaldet i søknaden. Kopi av varselet sendast kommunen. Eventuelle fråsegner skal leggjast ved søknaden.

Referanser

Sist endret 07.11.2013
Odda kommune Opheimsgata 31, 5750 Odda Tlf: 53 65 40 00 post@odda.kommune.no      Faktura okonomi@odda.kommune.no