Vegg (ikkje-berande)

Beskrivelse

Ikkje-berande vegg er lettvegg som du kan setje opp for å dele opp eit rom eller kontorlandskap i fleire mindre rom, forutsett at dette blir gjort innanfor same brukseininga. Brukseining blir her forstått som del av same bustad, husvære eller same verksemd i næringslivet. Du treng da ikkje å sende melding eller søknad til plan- og bygningsmyndigheita i kommunen. Det er likevel nokre tekniske vilkår som må oppfyllast. For freda bygningar vil det alltid vere søknadsplikt etter kulturminnelova.

Ønskjer du dispensasjon frå gjeldande føresegner, må du i alle fall sende ein søknad.

Oppdatert

04.09.2008 13:57

Kriterier

Generelle vilkår:
  • Lettveggen må oppfylle alle relevante byggtekniske krav
Særskilde vilkår:
  • Flytting, fjerning eller oppsetting av lettveggar må ikkje føre til endringar av vesentlege føresetnader i den planløysinga som er godkjend / lovleg etablert tidlegare
  • Brannsikring, nødvendig lys og ventilasjon osb. må oppretthaldast

Målgruppe

Hus- og bygningseigarar

Veiledning

Du treng ikkje å sende søknad eller melding til kommunen dersom tiltaket samsvarar med vilkåra over. Er du i tvil, så kontakt kommunen for å få meir informasjon. Hugs at du står sjølv ansvarleg for at tiltaket ikkje skjer i strid med dei nemnde reglane.

Referanser

Sist endret 07.11.2013
Odda kommune Opheimsgata 31, 5750 Odda Tlf: 53 65 40 00 post@odda.kommune.no      Faktura okonomi@odda.kommune.no