Melding om reguleringsplanvedtak

Bilde for bruk på framside i reguleringssaker
Framside regulering
Odda kommunestyre har godkjent reguleringsplanen for Smelteverkstomta Sør
Med heimel i § 28-2 i plan- og bygningslova fatta Odda kommunestyre i møte
den 30.10.08 følgjande vedtak:

Odda kommunestyre vedtar framlagt reguleringsplan for Smelteverkstomta sør med tilhøyrande føresegner, begge datert 17.10.08


Kommunestyret sitt endelege vedtak kan i samsvar med pbl §§ 28-2 og 15, jfr. Forvaltningslovas kap. VI påklagast til departementet. Klagefristen er tre veker og ein evt. klage skal sendast skriftleg til:

Odda kommune
Teknisk forvaltning
Opheimsgata 31
5750 ODDA

Eventuelle krav om erstatning etter pbl § 32 eller innløysing etter pbl § 42 må vera satt fram innan 3 - tre - år frå denne kunngjeringa.



Kommunestyret vedtok også følgjande tilleggspunkter:

Kommunen har strekt seg betydeleg lengre enn ønskeleg for å imøtekoma fylkeskommunen og Riksantikvaren sine krav til verneareal for å unngå motsegn og utsetting av aktivitet på området. Kommunen merkar seg at vernemyndigheitene så langt ikkje klargjer realismen i å finansiera det store verneomfanget reguleringsplanen legg opp til.

Ut frå den økonomiske stoda Odda kommune står i, ser Odda kommunestyre på det noverande tidspunkt det ikkje aktuelt å bidra med kommunale midlar til drift og vedlikehald av verneområde og verneobjekt ut over eigne eigedomar på tomta.

Staten må alt i 2009 skaffe midlar til å setja området i forsvarleg stand slik at det ikkje er fare forbunde med å ta området i bruk. Kommunestyret signaliserer at ein set krav om at vernemyndigheitene, etter kulturminelova, igangset arbeidet med restaurering innan 2 år: Det vert forutsett at staten saman med fylkeskommunen tek fullt og heilt ansvar for finansiering av vern for utvalde tekniske og industrielle kulturminne som myndigheitene meiner har nasjonal kulturminneverdi. Tilstrekkelege midlar til istandsetjing og visuelle oppgraderingar må stillast til rådvelde før freding vert aktuelt.

Kommunestyret ønsker rask og fornuftig utvikling på Smelteverkstomta, med frigjering av areal til m.a. næringsføremål. Kommunestyret vil spesielt tilrå at Riksantikvaren begrensar vern på ”karbidområdet.” Det må leggast opp til at flest moglege element kan fjernast som t.d. karbidomnshusa, kalkomnar og følgande krav må stillast til Staten/Riksantikvaren. Staten må også vera med og dekka ekstrakostnader for utbyggarar som får restriksjonar i samband med verneomfanget

Staten må ta ansvar for opprydding og riving av bygg og anlegg som skal sanerast, samt ta ansvar for eventuelle miljøfarlege avfall/restar på området.

Siste strekpunkt * på side 20 i kommuneplanen må inn i reguleringsplanen
* i partnerskap med private aktørar skal kommune bidra til at areal og bygg på Smelteverkstomta vert klargjort og tekne i bruk til minst tre aktivitetar og opplevelsar med barn og unge som primær målgruppe.
Sist endret 03.05.2012