Skip Navigation Links(Hjem) > Aktuelt
Aktuelt

100% stilling som byggesakshandsamar ved Bygg og kart/oppmåling

Logo - Ullensvang kommune - Klikk for stort bilde

 

Saksnr.: 19/1146

Frå og med 2020 blir Odda, Ullensvang og Jondal til nye Ullensvang kommune. Eit av føremåla med kommunesamanslåinga er å skapa sterkare kompetansemiljø innan tenestene.  

 
Stillinga omfattar arbeid med rådgjeving, tilsyn og sakshandsaming av konkrete byggeprosjekt. Ein vil òg bidra inn i kommunen sitt plan- og utviklingsarbeid.  Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga. 
 

 

Hovudarbeidsoppgåver for stillinga:
Frå og med 2020 blir Odda, Ullensvang og Jondal til nye Ullensvang kommune. Eit av føremåla med kommunesamanslåinga er å skapa sterkare kompetansemiljø innan tenestene.  
 
Stillinga omfattar arbeid med rådgjeving, tilsyn og sakshandsaming av konkrete byggeprosjekt. Ein vil òg bidra inn i kommunen sitt plan- og utviklingsarbeid.  Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga. 
 
Ein vil samarbeida med våre øvrige byggesakshandsamarar og kollegiet på sektoren Kultur, Næring og Samfunn. Tilgrensande fagfelt omfattar mellom anna plan, geodata/oppmåling, naturmiljø, næring og landbruk. 
 
Ein vil vera fleksibel i høve til kvar det er mest praktisk for den nytilsette å ha fast oppmøteplass. I utgangspunktet ligg byggesak i Odda, men oppmøte i Kinsarvik eller Jondal kan òg vere aktuelt deler av veka.
 

Kvalifikasjonar for stillinga:
Relevant høgare utdanning. 
Eksempel kan vere ingeniørhøgskule med relevant studieretning, planleggarutdanning frå høgskule/universitet, naturviter- eller juristutdanning. 
Kunnskap om plan- og bygningslova med tilhøyrande forskrifter vil bli vektlagt. 
Relevant erfaring og personlege eigenskapar vil bli tillagt betydeleg vekt ved vurdering av kompetansekrav.
 

Egenskaper
Ønske om å bidra til å utvikla nye Ullensvang kommune.
Evne til å arbeida systematisk.  
Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner vert vektlagt.
 

Me kan tilby
Fast stilling.
Ullensvang kommune har avtale om inkluderande arbeidsliv (IA).
Interessante arbeidsoppgåver i eit kompetent og utviklingsretta fagmiljø. 
Lønn etter avtale.
Fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår. 
 
 
Opplysningar om stillinga får du hjå; 
Siv Marislett Sekse, Verksemdsleiar for byggesak og kart/oppmåling i nye Ullensvang kommune Tlf.: 975 58 605 eller epostadresse: siv.m.sekse@ullensvang.kommune.no 
Kristian Bondhus-Jensen, Plansjef Tlf.: 975 58 600 eller epostadresse: Kristian.bondhus-jensen@ullensvang.kommune.no 
 
 

Søknadsfrist: 11.12.19
 
Publisert av Anna Dagny Aarhus. Sist endret 27.11.2019
Odda kommune Opheimsgata 31, 5750 Odda Tlf: 53 65 40 00 post@odda.kommune.no      Faktura okonomi@odda.kommune.no