Skip Navigation Links(Hjem) > Aktuelt
Aktuelt

Bandtvang i Odda kommune

Bandtvang - Klikk for stort bilde


Me vil minna om at det er bandtvang for hundar heile året i ein del områder i Odda kommune.  
 


Dei områda det gjeld er:

  • Eit område i Odda, grensa av Eitrheimselva i nord og Vasstun, Strand, Buerdalen og Buer.
     
  • Tyssedal tettstad.
     
  • Skare/Skarsmoen grensa av Håbru/Seljestad/Storelva i sør og vest, til Steinaberg bru - vegkrysset Reinsnosvegen til grensa for Skare bustadområde mot nord, langs grensa for Skare bustadområde mot aust og tilbake til Seljestadelva i sør.
     
  • Røldal tettstad, avgrensa til området Dalen - Lynghamar kraftstasjon - Hamre.
     
  • Håradalen, avgrensa til området Håra tettstad, hytteområde og skianlegga i Håradalen.
     
  • Hytteområdet Åsen og Mågelitopp.
     

I resten av kommunen gjeld den generelle bandtvangen frå og med 1. april til og med 31. oktober. I perioden der det ikkje er bandtvang skal hundeeigar ha full kontroll på hunden dersom den er laus.
 

Politiet har mynde til å gripa inn ved brot på regelverket.
 

Forskrift om hundehold, Odda kommune, se her


Lov om hundehold, se her

 

 

 

 

 

 

Publisert av Aslaug Margrethe Åkre. Sist endret 05.09.2017
Odda kommune Opheimsgata 31, 5750 Odda Tlf: 53 65 40 00 post@odda.kommune.no      Faktura okonomi@odda.kommune.no