Skip Navigation Links(Hjem) > Aktuelt
Aktuelt

Eigedomsskatt 2018

Utropsteign - Klikk for stort bilde


No er eigedomsskattelista lagt ut til offenlig ettersyn! 

Jamfør Lov om eigedomsskatt til kommunane av 6. juni 1975 nr. 29, er det utskrive eigedomsskatt på verk og bruk for 2018 i Odda kommune. Listene viser dei skattepliktige eigedomane med matrikkelnummer (gårds-, bruks- og evt. festenummer), adresse, anlegg/stad, eigedomsskattetakst, skattesatsen, og eigedomsskattebeløp.

 
Eigedomsskattelista vert lagt ut til offentlig ettersyn på Biblioteket, Odda rådhus, i 3 veker frå og med onsdag 28.02.2018 til og med torsdag 22.03.2018. Lista vert lagt ut med heimel i eigedomsskattelova § 15.
 
 
Faktura er å rekne som skatteseddel. Faktura vert sendt i 4 terminar med forfall 20. mars, 20. juni, 20. september og 20. desember.
 

Skattytar har høve til å klage på taksten og utskrivinga. Klage må leverast skriftleg til eigedomsskattekontoret v/økonomiavdelingen i Odda
kommune, innan seks veker frå siste kunngjøring om at eigedomsskattelista er lagt ut.
 
 
Eigedomsskattekontoret v/ Økonomiavdelingen
Publisert av Kristin Elisabet Horne Moe for Anne Tove Sandal Teigenes. Sist endret 11.04.2018
Odda kommune Opheimsgata 31, 5750 Odda Tlf: 53 65 40 00 post@odda.kommune.no      Faktura okonomi@odda.kommune.no