Skip Navigation Links(Hjem) > Aktuelt
Aktuelt

Høyring av hovudplan Park. Utlysing av midlar til leikeplassar/nærmiljø

Logo - Odda kommune - Klikk for stort bilde

Driftskomiteen i Odda kommune vedtok 04.06.2019 å leggje hovudplan park ut til høyring og offentleg ettersyn.
 


Odda kommunestyre vedtok 19.06.2019 å løyva 1 million kroner til vedlikehald av leikeplassar/nærmiljø som velforeiningar kan søkje på.

Odda kommune ynskjer å sakshandsame desse to sakene på same tid, fyrst til driftskomiteen 03.09.2019 og endeleg handsaming i kommunestyret 18.09.2019. 


Søknad om midlar til leikeplassar/ nærmiljø kan gjerast av velforeiningar med bakgrunn i styremøtevedtak. Søknaden må innehalde plan over kva de ynskjer å gjere, inkl kostnadsoverslag og vurdering av eigeninnsats. Kalkulasjonsprisar for leikeplassutstyr er vedlagd.

Hovudplan park ligg til offentleg ettersyn på heimesida til Odda kommune i perioden 01.07 til 08.08.2019. Dokumenta kan og sjåast på papir på Odda bibliotek.

Høyringsfrist for Hovudplan Park og søknad på midlar til leikelplassar/nærmiljø er 08.08.2019.

Høyringsinnspel til Hovudplan Park må merkast: 16/456 - Hovudplan Park

Søknad om midlar til leikeplassar/ nærmiljø må merkast: 16/456 - Søknad om midlar

Høyringsinnspel og søknader kan sendast pr. post til Odda kommune, Opheimsgata 31, 5750 Odda eller e-post: postmottak@odda.kommune.no"

 

VEDLEGG

Publisert av Aslaug Margrethe Åkre for Torstein Backer-Owe. Sist endret 01.07.2019
Odda kommune Opheimsgata 31, 5750 Odda Tlf: 53 65 40 00 post@odda.kommune.no      Faktura okonomi@odda.kommune.no