Skip Navigation Links(Hjem) > Aktuelt
Aktuelt

Ledig stilling som oppmålingsingeniør

Ullensvang kommune - Klikk for stort bilde

 

 

 

Saksnr.: 19/910 

For å styrkje utviklinga av den nye kommunen ynskjer me å tilsetja ein dyktig oppmålingsingeniør i 100% fast stilling. 

 

Arbeidsoppgåver
Stillinga ligg til avdeling for byggesak og kart/oppmåling i nye Ullensvang kommune og har omlag 10 tilsette. 
 
Som oppmålingsingeniør vil du utføre oppmåling- og landmålingsoppgåver, der i blant gjennomføring av oppmålingsforretningar. Du vil vere involvert i arbeid mot matrikkellova, GIS og digitalt kartverk, samstundes som du òg kan bidra inn i kommunen sitt plan- og utviklingsarbeid. Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga. Ullensvang kommune nyttar kartsystema GISLINE og Gemini VA. Kjennskap til desse programvarene vil vere ein fordel. 
 
Kvalifikasjonar
Utdanning frå universitet eller høgskule, minimum bachelornivå (relevant erfaring vil i visse tilfelle kunne vege opp for manglande utdanning)
Kjennskap til plan- og bygningslova, matrikkellova og eierseksjonslova
Kunnskap innan GIS og bruk av geodata
Bør kunnne bruke moderne oppmålingsinstrument
Gode norskkunnskapar både skriftleg og muntleg
Bilsertifikat
 
Eigenskaper
Ynskje om å bidra til å utvikle kommunen.
Evne til å arbeide systematisk.  
Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, samt personlege eigenskapar vert vektlagt. 
 
Me kan tilby
Fast 100% stilling
Ullensvang kommune har avtale om inkluderande arbeidsliv (IA).
Interessante arbeidsoppgåver i eit kompetent og utviklingsretta fagmiljø. 
Lønn etter avtale.
Fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår.
 
Opplysningar om stillinga får du hjå verksemdsleiar Kristian Bondhus-Jensen, tlf.: 975 58 600 eller epostadresse: Kristian.jensen@ullensvang.kommune.no
 
 
Søknadsfrist: 06.10.19
 
Publisert av Anna Dagny Aarhus. Sist endret 20.09.2019
Odda kommune Opheimsgata 31, 5750 Odda Tlf: 53 65 40 00 post@odda.kommune.no      Faktura okonomi@odda.kommune.no