Skip Navigation Links(Hjem) > Aktuelt
Aktuelt

Me søkjer veterinær til vakre Hardanger

Ledig stilling - Klikk for stort bilde


Me søkjer veterinær til tredelt vakt i Indre Hardanger. Vaktdistriktet er samansett av Odda kommune, Ullensvang herad og Eidfjord kommune.
 

Stillinga har stor fleksibilitet knytt til arbeidsoppgåver og arbeidsturnus. Du vil verta ein del av eit godt arbeidsmiljø med erfarne kollegaer, og mange trivelege bønder.


 


Området har fantastiske mogelegheiter sommar og vinter. Trolltunga, Røldal Skisenter, Folgefonna og Hardangervidda  byr på eit  mangfald av opplevingar.


Arbeidsoppgåver:

  • Kombinert praksis med smådyr, sau, storfe og hest
  • Inseminering
  • Tredelt vaktordning
     

Kvalifikasjonar:

  • Utdanna veterinær med norsk autorisasjon
  • Ynskjeleg med arbeidserfaring, men oppmodar og nyutdanna til å søkje
  • Førarkort og eigen bil til nytte i arbeidet
  • Eige føretak
  • Bestått seminkurs hjå Geno
  • Gode norskkunnskapar
     

Personlege eigenskapar:

  • Evne til å arbeida sjølvstendig og i samarbeid med øvrige veterinærar
     

Me tilbyr:

  • Varierte arbeidsoppgåver i eit spanande og kreativt fagmiljø.
  • Ordinære inntekter frå produksjonsdyrpraksis.
  • Driftstilskot på kr. 25 000,- per. månad. t.o.m. 31.12.19. Frå 01.01.20 vert det nye avtalar ved kommunesamanslåing
  • Stimuleringstilskot, fast dagsats
  • Vaktgodtgjersla etter sentral avtale
  • Tilknyting til veterinærklinikk i sentrum av Odda, to til fem dagar i veka. Løn etter tariff
     

For faglege spørsmål og spørsmål til vaktordninga kan du kontakta veterinær Ingrid Dale: 90 95 66 35 - stegaflot@online.no eller Inger Synnøve Vestrheim: 53 64 27 12 - post@hardangerdyreklinikk.no
 

For andre spørsmål kontakt Ingrid Riise: 47 90 80 67 - ingrid.riise@ullensvang.herad.no
 

Frist for å søkje: 20. februar 2018
 

Søknad sendes til Ullensvang herad, Sandvikevegen 11, 5780  Kinsarvik

eller på e-post: postmottak@ullensvang.herad.no

Sjå konkurransegrunnlag for kjøp av veterinærvaktteneste her (PDF, 435 kB)



 

Publisert av Aslaug Margrethe Åkre. Sist endret 16.01.2018
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Odda kommune Opheimsgata 31, 5750 Odda Tlf: 53 65 40 00 post@odda.kommune.no      Faktura okonomi@odda.kommune.no