Skip Navigation Links(Hjem) > Aktuelt
Aktuelt

Mottaking for veteranar 8. mai


Odda kommune inviterte til mottaking på Tyssedal hotell 8. mai. 


8. mai er ein dag for ettertanke, for dei falne, og for dei som har gjort teneste for landet. Forsvarssjefen har oppmoda alle kommunar om å markera frigjeringsdagen og veteranar.
 

Odda kommune inviterte veteranar til mottaking på Tyssedal hotell. Kvelden var ei uformell samling for vetaranar som har tenestegjort for Noreg, under krigen, og i ulike internasjonale operasjonar. Dei som møtte hadde ein triveleg kveld ilag saman med ordførar og rådmann.
 

Ordførar Roald Aga Haug heldt tale og takka på vegne av kommunen for innsatsen.

 

 

Mottaking 8.mai 2018 - Klikk for stort bilde

Publisert av Ole-Jørgen Jondahl. Sist endret 09.05.2018
Odda kommune Opheimsgata 31, 5750 Odda Tlf: 53 65 40 00 post@odda.kommune.no      Faktura okonomi@odda.kommune.no