Skip Navigation Links(Hjem) > Aktuelt
Aktuelt

Ny løysing for tryggingsalarmar i Odda kommune

Utropsteign - Klikk for stort bilde

 
Odda kommune går over til ny løysing for mottak av tryggingsalarmar. Tidlegare har alarmen vore knytt direkte til AMK i Odda(legevakt). 

 
Den nye løysinga vil bli at alle alarmar går direkte til heimesjukepleien sin mobiltelefon som er open heile døgnet året rundt. 

For å få dette til må vi byta ut alarmen med ein ny. Den nye alarmen gir brukarane same tilbod og tryggleik som før, og skal nyttast på same måte. 

Når brukarane trykjer på alarmen skjer dette hjå heimesjukepleien:  

  • Navn/adresse til den som løyser ut alarmen kjem som meldig direkte til vår mobil 
  • Det er den av personalet som er i nærområdet til brukaren som får meldinga. Det gir kortast responstid
  • Den som tar ansvar for alarmen kvitterer for det 
  • Vedkomande tar kontakt/reiser heim til den som har utløyst alarmen og undersøker kva årsaken er

Utskiftinga av alarmane tek til i slutten av veke 2, og vil pågå i 2-3 månadar framover. 

Personalet ved kommunalt hjelpemiddellager vil utføre arbeidet. 
Utskiftinga medfører ikkje ekstra kostnadar for brukaren. 

Ved behov for akutt hjelp, som ved fare for liv, ring 113. 

Heimesjukepleien sin vakttelefon er: 53 65 47 00. 

Har du spørsmål, ta kontakt: 
Avdelingsleiar Sigrid Bleie tlf 975 58 543 eller 
Verksemdsleiar Anna Jordan tlf 975 58 461
(mandag - fredag, 07.30 - 15.00) 

Publisert av Kristin Elisabet Horne Moe for Anna Jordan. Sist endret 10.01.2019
Odda kommune Opheimsgata 31, 5750 Odda Tlf: 53 65 40 00 post@odda.kommune.no      Faktura okonomi@odda.kommune.no