Skip Navigation Links(Hjem) > Aktuelt
Aktuelt

Odda kommune tar i bruk SvarUt

Logo - Odda kommune - Klikk for stort bilde

KS SvarUt er ei felles løysing for kommunar og fylkeskommunar for å senda digital post frå kommunale saksarkiv og fagsystem til både innbyggjarar, næringsliv, offentlege og private organ.

Med KS SvarUt kan dokument frå kommunal sektor sendast rimeleg, effektivt og sikkert. Dokumenta vert lagra i eit forsendelsesarkiv, og er tilgjengelege i tre månader

Utsending av post frå kommunen til innbyggjar, organisasjon eller næringsdrivande går til deira meldingsboks i Altinn, Digipost eller e-Boks. KS SvarUT vert kobla til Sikker digital post til innbyggjar slik at innbyggjar, når dei har valt digital postkasse, vil få varselet i si postkasse i staden for i Altinn. KS SvarUt nyttar ID-porten til innlogging (MinId - BankId - Buypass).

Les meir om ordninga her (PDF, 158 kB)



 

Publisert av Aslaug Margrethe Åkre for arkivleiar Turid Nå. Sist endret 10.10.2018
Odda kommune Opheimsgata 31, 5750 Odda Tlf: 53 65 40 00 post@odda.kommune.no      Faktura okonomi@odda.kommune.no