Skip Navigation Links(Hjem) > Aktuelt
Aktuelt

Offentleg ettersyn av reguleringsplan for Langedalen, felt Q, R, S, T og U

ikon-leser plan.png - Klikk for stort bilde

Odda kommunestyre vedtok, den 24.10.18, å leggje detaljreguleringsplan for Langedalen felt Q1, R, S, T og U ut på offentleg ettersyn.

 

Detaljreguleringa omfattar deler av gnr. 37 bnr. 7 i Langedalen, og er på om lag 285 daa.

 

Føremålet med planen er å leggja til rette for ei meir konsentrert utbygging, mellom anna for å spara støre, samanhengande natur- og friluftsområde for utbygging utanfor planområdet på lengre sikt. Planforslaget legg til rette for ei betre terreng- og landskapstilpassing av bygningar og vegar enn i gjeldande bebyggelsesplan. Vidare har planforslaget mål om å handtere frilufts- og naturvernområde på ein god måte.

 

Detaljreguleringsplanen med tilhøyrande dokument kan lastast ned under;

 

Vedtak om offentleg ettersyn (PDF, 796 kB)

 

Plankart (PDF, 5 MB)

 

Føresegner (PDF, 204 kB)

 

Konsekvensutgreiing (PDF, 12 MB)

 

Planskildring (PDF, 12 MB)

 

ROS-analyse (PDF, 2 MB)

 

VA oversiktskart (PDF, 871 kB)

 

VA Rammeplan (PDF, 556 kB)

 

Merknader ved oppstart av planprosessen (PDF, 4 MB)

 

 

I perioden planen ligg på offentleg ettersyn ber vi om innspel. Frist for å komme med innspel er satt til 23. desember 2018. Innspel skal merkast med saksnr. «merknad planid: 2017002» og sendast til:

 

postmottak@odda.kommune.no

 

evt.

 

Odda kommune

Opheimsgata 31

5750 Odda

 

Publisert av Kristian Bondhus-Jensen. Sist endret 07.11.2018
Odda kommune Opheimsgata 31, 5750 Odda Tlf: 53 65 40 00 post@odda.kommune.no      Faktura okonomi@odda.kommune.no