Skip Navigation Links(Hjem) > Aktuelt
Aktuelt

Saman for betre oppvekst


Gjennom samhandlingsmodellen Betre tverrfagleg innsats (BTI) ynskjer Odda kommune å betra oppvekstvilkåra for barn og unge i kommunen. Kompetansesenter Rus Vest har i dag signert samarbeidsavtale med Odda. Gjennom avtalen forpliktar kommunen seg mellom anna til å utarbeida ein lokal plan, ha ein prosjektkoordinator for arbeidet i kommunen og utarbeida planar for å forsterka samarbeidet internt i kommunen. 

 


Dette er eit utviklingsarbeid som famnar alle som jobbar med barn og unge, og som får foreldre meir på banen. Modellen skal vera eit verktøy for dei som jobbar tett opp mot dei unge og deira pårørande og gjera det lettare for personar som jobbar med barn og unge i kommunen for å sikra best mogeleg oppfølging.

Saman for betre oppvekst.jpg - Klikk for stort bilde

Publisert av Kristin Elisabet Horne Moe for Morten Vevatne. Sist endret 27.06.2018
Odda kommune Opheimsgata 31, 5750 Odda Tlf: 53 65 40 00 post@odda.kommune.no      Faktura okonomi@odda.kommune.no