Skip Navigation Links(Hjem) > Aktuelt
Aktuelt

Samfunnsplanlegger

Ullensvang kommune - Klikk for stort bilde

Arkivsakid: 19/735

For å styrkje utviklinga av den nye kommunen ynskjer me å tilsetja ein drivande og engasjert samfunnsplanleggjar i 100% fast stilling. 


Hovudarbeidsoppgåver for stillinga:

Arbeidsoppgåvene vil vere knytt opp til alle nivå av areal- og samfunnsplanlegging. Hovudmengda av arbeidet er knytt til utarbeiding av kommunale reguleringsplanar og handsaming av private planframlegg. I tillegg vil ein bidra inn i fagmiljøet og i ulike utviklingsprosjekt i kommunen.
 
Stillinga er plassert i tenesta Samfunnsutvikling og Plan. Ein vil vere fleksibel i høve til fast oppmøtestad (Odda, Kinsarvik eller Jondal).
 

Kvalifikasjonar for stillinga:
Relevant høgare utdanning som til dømes master i fysisk planlegging, landskapsarkitekt, eller minst treårig høgare relevant utdanning. 
Kjennskap til aktuelt lovverk og erfaring frå fagområda.
Gode evner til skriftleg, munnleg og visuell presentasjon. Administrasjonsspråket i Ullensvang kommune er nynorsk.
 

Me tilbyr:
Varierte arbeidsoppgåver i eit utviklingsretta fagmiljø
Løn etter avtale
Gode moglegheiter for å utvikla kommunen, tenesta og eigen kompetanse
Inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår
 

Opplysninger om stilling får du hos  Plansjef Kristian Bondhus-Jensen , tlf. 97 55 86 00
Rådmann Magnus Steigedal, tlf. 936 44 442   
 
 

Søknadsfrist: 05.08.19
 
Publisert av Anna Dagny Aarhus. Sist endret 02.07.2019
Odda kommune Opheimsgata 31, 5750 Odda Tlf: 53 65 40 00 post@odda.kommune.no      Faktura okonomi@odda.kommune.no