Skip Navigation Links(Hjem) > Aktuelt
Aktuelt

Søknad om motorferdsel - Hardangervidda nasjonalpark

Hardangervidda - Klikk for stort bilde Søknad om motorferdsel innan Hardangervidda nasjonalpark for sommarsesongen 2009. Søknadane gjeld for Odda, Ullensvang, Eidfjord og Ulvik. Søknadsfrist 31. mai 2009.

Søknadane vert handsama og utsende innan 30.juli. Dei som søkjer etter 31. mai, kan ikkje rekna med å få svar innan den tid. Søknadskjema kan du finne på heimesidene til Ullensvang herad, Odda kommune og Eidfjord kommune, eller hjå: Ullensvang herad, Ullensvang Handelslag, Hovland Handel, Spar Nå, Mathuset Grimo, T.G. Alvsaker, Eidfjord kommune, Coop Eidfjord, Odda kommune, Johnny Vikne Sport, Coop Røldal. OBS! Hugs at alle opplysningane må vera med, har du byggjeløyve eller leigeavtale med hytteeigar/grunneigar, skal det leggjast ved kopi av desse. Mangelfulle søknader vert sende i retur. NB! For søknadar om landingsløyve i samband med garnfiske på statsallmenning skal det leggjast ved kopi av tildelt garnfiskekort for 50 garndøgn, (kan ettersendast). Alle søknader innan for nasjonalparken skal sendast til: Tilsynsutvalet i Hordaland, 5780 Kinsarvik. E-post: tilsynsutvalet.hordaland@ullensvang.herad.no Spørsmål kan rettast til: Anne Gerd Nysveen Djønne tlf. 53 67 15 03. NB! Søknader som gjeld utanfor nasjonalparken , skal sendast til og avgjerast i den einskilde kommune. Me ber og om at dei som ikkje har returnert nytta og unytta løyve frå sommarsesongen 2008 og vintersesongen 2008/09 sender desse til Tilsynsutvalet i Hordaland, 5780 Kinsarvik snarast. Tilsynsutvalet i Hordaland, 12.05.09.

Ansvarlig Siv Eilertsen. Sist endret 30.11.2016
Odda kommune Opheimsgata 31, 5750 Odda Tlf: 53 65 40 00 post@odda.kommune.no      Faktura okonomi@odda.kommune.no