Skip Navigation Links(Hjem) > Aktuelt
Aktuelt

Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL)


Søknadsfristane for å søkja tilskot frå ordninga «Spesielle miljøtiltak i jordbruket» (SMIL) er:
 
•Ullensvang og Eidfjord: 1. april
•Odda: 1. mai.

 

Føremålet med tilskotet til spesielle miljøtiltak i jordbruket er å fremja natur- og kulturminneverdiane i jordbruket sitt kulturlandskap og redusera ureininga frå jordbruket. Tilskotet gjeld tiltak som går lenger enn det som er forventa ut frå ei vanleg jordbruksdrift. Det kan søkjast om tilskot til:
 

1.Planlegging og tilrettelegging av prosjekt
For å få meir heilskapleg og samordna innsats innan arbeidet med kulturlandskapet eller ureiningstiltak.

 

2.Kulturlandskapstiltak og ureiningstiltak.
Rydding av gamal kulturmark, biologisk mangfald, kulturminner, verneverdige bygningar, hydrotekniske anlegg, leggje til rette for tilgjenge/opplevingskvalitet m.m.

 

Søknaden må innehalda: Søknadsskjema SLF-430, skildring av tiltaket / arbeidsplan, kostnadsoverslag, dokumentasjon i form av foto og kart. Søknader skal sendast til postmottaket i den kommunen eigedomen ligg.
 

Landbruksdirektoratet har god informasjon om ordninga, denne finn du på: https://www.landbruksdirektoratet.no/no/
 

Tykkjer du det er vanskeleg? Landbrukskontoret vil, dersom det er stor nok interesse (min. 5 deltakarar), laga til ein “SMIL-kveld”, der me går igjennom regelverket og der potensielle søkjarar kan få råd/tips til å fylla ut søknaden. Me har sett av enten måndag 20. mars eller onsdag 22. mars, ev. begge kveldar om det er stor interesse. Endeleg dato og stad vil verta avtala nærare med dei som ev. melder seg på. Frist for påmelding er i løpet av onsdag 15. mars. Påmelding/meir info på telefon 53 67 15 21 eller 477 13 576. Eller på e-post: trine.hilstad@ullensvang.herad.no
 

 

 

Publisert av Anna Dagny Aarhus. Sist endret 10.03.2017
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Odda kommune Opheimsgata 31, 5750 Odda Tlf: 53 65 40 00 post@odda.kommune.no      Faktura okonomi@odda.kommune.no