Skip Navigation Links(Hjem) > Aktuelt
Aktuelt

Tilskotsordningar i jordbruket våren 2019

Logo - Odda kommune - Klikk for stort bilde


Her finn du informasjon om tilskotsordningar i jordbruket våren 2019 i Odda kommune.

Søknad om produksjonstilskot i jordbruket

Søknadsfrist 15. mars 2019 
 

  • Fristen for å registrera del I av søknaden om produksjonstilskot er 15. mars.
  • Du kan starta med å registrera søknaden frå 1. mars.
  • Teljedato er 1. mars - Det er talet på dyr du har den 1. mars som er grunnlaget for utrekning av tilskotet til husdyr og for storleiken på det som kan refunderast i ordninga "Avløysing ved ferie og fritid" for 2018.
  • Hugs at søknaden må vera registrert i eSTil innan 15. mars.
  • I denne søknadsomgangen er det berre dei som driv husdyrproduksjon som treng registrera søknaden sin.
     

Søknad om tilskot til spesielle miljøtiltak - SMIL

Søknadsfrist 1. mai 2019
 

  • Odda kommune har i 2019 fått ei rammeløyving på kr. 90 000.- til SMIL-ordninga.
  • Skal du kunna få tilskot etter SMIL-ordninga, må du oppfylla visse vilkår. M.a. må
    det vera eit føretak som står som søkjar.
  • På landbrukseigedomen der tiltaket skal utførast, må det føregå ein tilskotsberettiga landbruksproduksjon som oppfyller vilkåra i forskrift om produksjonstilskot og avløysartilskot i jordbruket.
  • Du kan sjå forskrifta og lesa deg opp på regelverket her
  • Det er òg laga ein eigen, lokal «Kommunal tiltaksstrategi» for SMIL-ordninga som gjeld Odda
    kommune som du kan få ved å ta kontakt med kommunen.
  • Frå 2019 er det innført eit digitalt søknadssystem for dei som vil søkja SMIL-tilskot, sjå her.
     

Tilskot til drenering
 

  • Odda kommune har i 2019 fått ei rammeløyving på kr.40 000.- til ordninga "drenering av jordbruksjord".
  • Kommunane har ansvaret for å forvalta tilskotsordninga etter forskrift om tilskudd til drenering av jordbruksjord.
  • Du no søkja elektronisk, enten ved å logga deg inn i Altinn eller fylgja linken her.
     

Meir info finn du på Landbruksdirektoratet sine sider. Du er òg velkomen til å kontakta sakshandsamarane på landbrukskontoret tlf: 477 13 576 eller 479 08 067 om du har spørsmål eller treng hjelp med søknadsprosessen.
 

Publisert av Aslaug Margrethe Åkre. Sist endret 06.03.2019
Odda kommune Opheimsgata 31, 5750 Odda Tlf: 53 65 40 00 post@odda.kommune.no      Faktura okonomi@odda.kommune.no