Skip Navigation Links(Hjem) > Aktuelt
Aktuelt

Utlysing - Veterinær til vakre Hardanger

Hardangerlogo - Klikk for stort bilde


Me søkjer veterinær til tredelt vakt i Indre Hardanger. Vaktdistriktet er samansett av Odda kommune, Ullensvang herad og Eidfjord kommune. 

 

Frå 2018 planlegg Landbruksdirektoratet å arbeide vidare med behovet for endringar i veterinærvaktstrukturen. Vurderingane vil bli gjort med bakgrunn i vedtekne kommune- og regionendringar frå 2020, og med bakgrunn i føresetnader som til dømes husdyrtal, bruks- og infrastruktur og veterinærberedskap. 


Stillinga har stor fleksibilitet knytt til arbeidsoppgåver og arbeidsturnus. Du vil verta ein del av eit godt arbeidsmiljø med erfarne kollegaer, og mange trivelege bønder.

Området har fantastiske mogelegheiter sommar og vinter. Trolltunga, Røldal Skisenter, Folgefonna og Hardangervidda  byr på eit  mangfald av opplevingar.

 

Kvalifikasjonar:

  • Utdanna veterinær med norsk autorisasjon
  • Ynskjeleg med arbeidserfaring, men oppmodar og nyutdanna til å søkje.
  • Førarkort og eigen bil til nytte i arbeidet.
  • Eige føretak.
  • Bestått seminkurs hjå Geno.
  • Gode norskkunnskapar.
  • Evne til å arbeida sjølvstendig og i samarbeid med øvrige veterinærar.

Me tilbyr:

  • Deltaking i tredelt vaktordning.
  • Driftstilskot på kr. 25 000,- per. månad. t.o.m. 31.12.19. Frå 01.01.20 vert det nye avtalar ved kommunesamanslåing
  • Ordinære inntekter frå produksjonsdyrpraksis.
  • Stimuleringstilskot, fast dagsats for 2018 er kr 1800,-.
  • Vaktgodtgjersla etter sentral avtale.
  • Tilknyting til veterinærklinikk i sentrum av Odda, to til fem dagar i veka om ynskjeleg.
  • Løn etter tariff.

Konkurransegrunnlaget kan lesast her (PDF, 412 kB)
 

For faglege spørsmål og spørsmål til vaktordninga kan du kontakta veterinær Ingrid Dale: 90956635/ stegaflot@online.no eller Inger Synnøve Vestrheim: 53642712/ post@hardangerdyreklinikk.no
 

For andre spørsmål kontakt Ingrid Riise: 47908067/ ingrid.riise@ullensvang.herad.no
 

Søknad sendes: post@ullensvang.herad.no eller Ullensvang herad, Sandvikevegen 11,5780 Kinsarvik.
 

Søknadsfrist: 25.04.2018
 

Publisert av Aslaug Margrethe Åkre. Sist endret 18.04.2018
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Odda kommune Opheimsgata 31, 5750 Odda Tlf: 53 65 40 00 post@odda.kommune.no      Faktura okonomi@odda.kommune.no