Skip Navigation Links(Hjem) > Aktuelt
Aktuelt

Utviding av planområde reguleringsplan Røldalstjøn

Røldalstjørn AS melder med dette melding om endring/utviding av
planområdet i høve til tidlegare annonsert oppstartsmelding. 

Området som ein no ynskjer å inkludere i planområdet, er tidlegare regulert i ein eldre reguleringsplan; Øvre Seljestad Felt A, B, C og J med planID: 2003001. Etter utvidinga vil planområdet i tillegg til felt H i gjeldande kommunedelplan for Øvre Seljestad, omfatte felt J og ein mindre del av felt C. Felt J er i gjeldande reguleringsplan vist som område for fritidsbebyggelse. Felt C er i gjeldande plan vist som område for næringsverksemd; overnatting, bevertning og service.


Føremålet med planen er å leggje til rette for etablering av ca. 100 frittliggjande fritidsbustader med tilhøyrande trafikkareal og friområde. E


Naboar og grunneigarar vert varsla direkte. Oppstartsmeldinga kan også sjåast på kommunen sine nettsider med kart som viser ny avgrensing. Eventuelle merknader eller innspel som har innverknad på planarbeidet skal sendast skrifteleg til Gøtz AS, Kunnskapshuset, Sæ 132, 5417 Stord eller til post@goetz.no, innan 10.05.2019.


Spørsmål om eller innspel til planarbeidet kan rettast til Gøtz AS v/ Kari Hilde Rommetveit, tlf. 97653972. 

 

Last ned kart under

Kart - Plangrense (PDF, 469 kB)

Publisert av Kristian Bondhus-Jensen. Sist endret 26.04.2019
Odda kommune Opheimsgata 31, 5750 Odda Tlf: 53 65 40 00 post@odda.kommune.no      Faktura okonomi@odda.kommune.no