Skip Navigation Links(Hjem) > Aktuelt
Aktuelt

Varsel om oppstart av planarbeid og høyring av planprogram - Langedalen gnr. 37, bnr. 7

Logo - Odda kommune - Klikk for stort bilde


I medhald av plan- og bygningslova, § 12-8 vert det med dette varsla igangsetjing av planarbeid for del av eigedom gnr. 37 bnr. 7, i Langedalen, i Odda kommune. Planen er vurdert til å vera konsekvensutgreiingspliktig jf. forskrift om konsekvensutredninger.

I samband med oppstart av planarbeidet vert òg planprogrammet lagt ut til offentleg ettersyn.

 

Føremålet med planarbeidet er å regulera inn fleir tomter for fritidsbustad som fortetting i høve eksisterande planar. I tillegg er det ynskjeleg å omregulera areal avsett til «herberg/bevertning» til fritidsbustad.
Tiltakshavar for planarbeidet er Seljestad Utbygging AS.

Planfagleg konsulent er Norconsult AS - Hardanger v/ Eirin Sandstå Kvale.

Spørsmål og innspel til planarbeidet kan sendast til: Norconsult AS, Pb. 85, 5786 Eidfjord / epost: eirin.sandsta.kvale@norconsult.com innan 21.01.2018.

Frist for innspel: 21.01.2018 

Publisert av Aslaug Margrethe Åkre for Sigrid Halldorsson. Sist endret 05.12.2017
Odda kommune Opheimsgata 31, 5750 Odda Tlf: 53 65 40 00 post@odda.kommune.no      Faktura okonomi@odda.kommune.no