Roald Aga Haug er ordførar i Odda kommune, valgt i 2015. Han representerer Arbeiderpartiet.
Ordføraren er kommunen sin fremste representant og ivaretar dei gjeremål som er knytt til dette vervet gjennom lover, forskrifter og reglement.
Ordføraren har i følge kommunelova i oppgåve å leia møtene i formannskap og kommunestyre. Han har møte- og talerett i alle andre kommunale organer, men har berre stemme- og forslagsrett hvis han er valgt medlem.
Ordføraren ynskjer god dialog med innbyggjarane i kommunen. Ynskjer du kontakt med han, kan du ringe 975 58 400 eller sende e-post direkte til: roald.a.haug@odda.kommune.no
Linda Haugland Jondahl er varaordførar. Ho representerer óg Arbeiderpartiet.
Ynskjer du kontakt med henne, kan du ringe 975 58 401 eller sende epost: linda.h.jondahl@odda.kommune.no