Skip Navigation LinksOdda.kommune.no > Politisk > Ordføreren

Pressemelding frå ordføraren:

Logo - Odda kommune - Klikk for stort bilde


Ekspertutval om farleg avfall:

 


Industrien hjå oss er best i verda på klima, miljø og avfallshandtering. 

Vi er kjent med at Odda er nevnt som ein av fleire moglege lokasjonar for handtering av farleg avfall. I fjellområdet «Mulen,» i nærleiken av dagens fjellhallar. Førebels har vi ikkje motteke informasjon om at ein vil sjå nærare på Odda som vertskommune for avfall frå industrien. 


Kommunen har såleis ikkje nok informasjon om problemstillinga til å vurdera vårt standpunkt til ei slik sak på det noverande tidspunkt, 


Underteikna har difor bedt departementet om utfyllande informasjon dersom det skal arbeidast vidare med vår kommune som alternativ. 


-Industrien i Odda er fremst i verda på klima og miljø. Samt ledande innan kompetanse på handtering av industriavfall. Med ei rekke store fjellhallar i fjellet ved Eitrheimstunnelen. 


-Ei eventuell vurdering av Mulen som alternativ må i ein kvar samanheng bygga på at avfallet skal handterast minst like trygt som i dagens fjellhallar. 


-Betra infrastruktur må ligga til grunn om vårt område skal vurderast vidare. Infrastrukturen i vårt område er ikkje tilpassa auke i tungtrafikken. Eg ser difor ikkje eitt slikt anlegg realistisk, eller akseptabelt før infrastrukturen er utbetra. 


-Vidare vurdering av ei lokalisering må legga vekt på utvikling av kompetansearbeidsplassar lokalt og lokal verdiskaping. 


-Vidare vurderingar må innbefatta samfunnsnyttig handtering av steinmassar til lokal nytte. 


-Skal ein etablera slike anlegg i distriktet må myndigheitene legga til grunn ein respektfull heilskapleg industripolitikk for vertskommunane. Myndigheitene har fjerna verk og bruk- skatten og gitt kommunen store tap i inntekter. Vidare vurderer regjeringa å fjerna vertskommunane sine inntekter frå vasskraft (Sanderudutvalet). Utvalet tilrår i realiteten å flytta kraftinntektene frå vestlandet til austlandet. Vi kan ikkje akseptera at myndigheitene fjernar avtalte vertskommuneinntekter med den eine handa - og gjer oss industriavfall tilbake med den andre. 


-Vidare arbeid med etableringa av slike anlegg må bygga på ein industripolitikk der vertskommunane sine interesser vert ivareteke. 

 
Publisert av Ole-Jørgen Jondahl. Sist endret 05.11.2019
Odda kommune Opheimsgata 31, 5750 Odda Tlf: 53 65 40 00 post@odda.kommune.no      Faktura okonomi@odda.kommune.no