Teknisk forvaltning har starta opp prosjektet "Plan for flom- og skredfare i Odda kommune". Prosjektet har fått tilskot fra Miljødirektoratet.
-
Prosjekteigar - Anton Langeland (teknisk sjef)
-
Prosjektansvarleg - Torstein Backer-Owe (virksomhetsleder teknisk drift)
-
Prosjektleiar - Eirik Lia (avd. ingeniør)
-
Prosjektdrivar - Tore Dolvik (kommunegeolog, vertskommune Kvam herad)
Prosjektet skal munna ut i to fagplanar:
-
Fagplan for flaumfare
-
Fagplan for skredfare
Fagplanane skal lage eit rammeverk og ein metodikk for å få ein oversikt over, og lage prioriteringar mellom fagvurderingar og sikringsprosjekt.
Fagplanane skal definera:
-
Kva veit me?
-
Kva veit me ikkje?
-
Kva skal me prioritera?
Fagplanane og rammene skal kunne brukast i beredskap.
Rammeverk og metodikk skal vera mogleg å overføra ved oppdatering av fagplanane, ved vidare arbeid i samanslåtte kommunar og til andre kommunar i fylket og i landet.