Miljøverndepartementet opprettheld fredinga av delar av Odda smelteverk

Miljøverndepartementet opprettheld fredinga til Riksantikvaren av delar av Odda smelteverk. Fredinga gjeld bygningar og konstruksjonar som syner hovudtrekka av trinna i produksjonen av karbid og cyanamid, frå mottak og transport av råstoff til det ferdige produktet.

Fotograf: Arild Traa
Skalltaket er eit av dei freda bygga på smelteverkstomta fotograf Arild Traa

Miljøverndepartementet skriv i ei pressemelding 02.10.12 at Riksantikvaren skal få laga ein studie, som skal syne alternative løysingar for plassering av verksemd eller anna aktivitet i tilknyting til dei freda objekta. Riksantikvaren skal også sørgje for at dei freda objekta blir naudsynt sikra. Dette arbeidet skal gjerast så snart som mogleg.

For heile pressemeldinga, sjå http://www.regjeringen.no/nb/dep/md



 
Sist endret 03.10.2012
Odda kommune
Besøksadr. rådhuset Opheimsgata 31
5750 Odda
E-post : post@odda.kommune.no
Telefon
: 53 65 40 00

Org.nr.
: 964 967 814
Kontonr.
: 3530 30 66975
Kommunenr.
: 1228

Relaterte ressurser

Odda kommune Opheimsgata 31, 5750 Odda Tlf: 53 65 40 00 post@odda.kommune.no      Faktura okonomi@odda.kommune.no