Svangerskapsavbrot

Abortlova gjev deg rett til å krevje ("begjære") abort innan utgangen av den tolvte svangerskapsveka (84 dagar). Søknad om å få utført abort framset du gjennom ein lege eller eit sjukehus som er godkjent for å utføre svangerskapsavbrot. Legen skal informere deg om korleis inngrepet blir gjennomført og om eventuelle komplikasjonar som kan oppstå. Du treng ikkje å grunngje valet ditt, og du vel sjølv om du vil motta rettleiing eller råd.
Legen skal også gje deg informasjon om den støtta samfunnet gjev dersom du ønskjer det.

Kriterier

Kvinna sjølv tar den endelege avgjerda, såframt inngrepet kan skje før utgangen av den tolvte svangerskapsveka og tungtvegande medisinske grunnar ikkje talar mot det.

(Referanser)

Oppdatert

07.11.2011 14:56
Tilbake
Helsestasjonen Besøksadr. Røldalsvegen 34, Rådhuset Opheimsgata 31
5750 ODDA
E-post : epost@odda.kommune.no
Telefon
: 53 65 45 20

Faks
: 5365 4501