Skip Navigation LinksOdda.kommune.no > Tjenester
Tjenester

Bustadtilskott til utbetring/tilpassing

Det kan gjevast bustadtilskott til tilpassing av bustad til heil eller delvis dekking av nødvendige meirkostnader ved spesialtilpassing av bustaden. Tilskottet kan givast til mindre utbetringar av dagens bustad, oppføring av ny bustad og i samband med kjøp av bustad. Ein kan også gje tilskott til garasje, dersom Rikstrygdeverket har gitt stønad til kjøp av bil.

Målgruppe

Målgruppe er mellomn anna

  • funksjonshemma 
  • sosialt vanskelegstilte

Kriterier

Det blir gjort ei vurdering av både dei særskilde behova du har for tilpassing og av den samla økonomien i husstanden.

Behandling

Kommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Deretter blir det gjort eit vedtak. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein trur at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen før klagefristen for vedtaket går ut.

Klage

Klagenemnda i kommunen er klageinstans. Klagen må sendast tre veker etter at du mottok vedtaket. Før opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje dette eventuelt med nye opplysningar.

Vedlegg til søknad

  • Uttale om forventa inntektsutvikling over tid
  • Kopi av likningsutskrift frå førre året
  • Oppgåve over eventuell eigenkapital (kontantar, bankinnskott eller midlar som kan frigjerast ved sal av bustad eller anna)
  • Sosialrapport, legeerklæring eller annan dokumentasjon på den særlig vanskelige situasjonen i husstanden

Veiledning

Søknaden skal skrivast på blankett HB 7.S.13. Blanketten får du frå kommunen eller frå lenkja under.

Partnere

Husbanken

Behandlingstid

Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som mogeleg. Dersom ein ikkje kan gjere eit vedtak i saka innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til dette, med opplysningar om når du kan vente at det vil bli gjort eit vedtak.

(Referanser)

Oppdatert

17.10.2011 14:16
Tilbake
Odda kommune Opheimsgata 31, 5750 Odda Tlf: 53 65 40 00 post@odda.kommune.no