Skip Navigation LinksOdda.kommune.no > Tjenester
Tjenester

Kommunal garanti for lån

Som ei form for økonomisk stønad kan sosialtenesta gje garanti for lån. Dersom klienten ikkje innfrir låneforpliktingane og kommunen må innfri garantiansvaret sitt, kan sosialtenesta inndrive det misleghaldte beløpet hos klienten gjennom tvangsutlegg.

Målgruppe

  • Dei som midlertidig ikkje er i stand til å sørgje for eige livsopphald
  • Dei som treng å låne pengar til utgifter som ikkje blir rekna som livsopphald
  • Dei som treng å låne pengar sjølv om dei ikkje har utnytta alle andre høve til å forsørgje seg sjølv 

Kriterier

Grunnvilkåret for garanti for lån er det samme som for økonomisk stønad elles. Garanti kan bli gjeve til dei som ikkje kan sørgje for sitt livsopphald, eller dei som treng det i ein vanskeleg livssituasjon. I tillegg skal det vere sannsynleg at søkjaren vil vere i stand til å betale tilbake lånet.

Behandling

Det vil bli gjort eit vedtak. I vedtaket går det fram om du har fått tenesta eller ikkje, og kva tenesta eventuelt dekkjer.

Søknadsfrist

Søknadene blir behandla etter kvart som dei kjem inn.

Klage

Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du har motteke det. Klagen sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klagen skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klagen blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det.

Veiledning

Ta kontakt med Nav for å få hjelp til å søkje om kommunal garanti for lån.

(gyldigFra)

31.12.2011 23:00

Behandlingstid

Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som mogleg. Dersom det ikkje kan bli gjort eit vedtak innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når du kan vente at det vil bli gjort eit vedtak.

(Referanser)

Oppdatert

20.12.2011 10:51
Tilbake
Odda kommune Opheimsgata 31, 5750 Odda Tlf: 53 65 40 00 post@odda.kommune.no