Skuleskyss

Elevar som bur over ein viss avstand frå skolen, og elevar som har særleg farleg eller vanskeleg skoleveg, har rett til skyss. Retten til skoleskyss gjeld ikkje til/frå skolefritidsordning (SFO).

Målgruppe

  • Elevar i grunnskule, vidaregåande skule og privatskule
  • Elevar med funksjonshemming 
  • Elevar som er mellombels skadde eller sjuke

Kriterier

Avstanden mellom skule og heim må overstige

  • 2 km for 1. årstrinn i grunnskulen
  • 4 km for 2. til 10. årstrinn i grunnskulen
  • 6 km for vidaregåande skule

Avstanden blir målt frå dør til dør og langs kortaste farbare vegen eller gang- og sykkelstig. Er du elev i grunnskulen og har ein spesielt farleg eller vanskeleg skuleveg, har du rett til fri skuleskyss uavhengig av kor stor avstanden er. Dette gjeld også om du er funksjonshemma eller mellombels skadd eller sjuk.

Går du på privatskule, har du rett til skuleskyss berre innanfor grensene av den kommunen/fylkeskommunen der du bur.

Pris

Skuleskyss er gratis.

Klage

Får du avslag på søknaden, kan du klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Fylkeskommunen/kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen (for elevar i grunnskolen) og klagenemnda i fylkeskommunen (for elevar i vidaregåande skole). Før klaga blir sendt klageinstansen, skal den instansen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. 

Behandlingstid

Fylkeskommunen/kommunen har plikt til å behandle saka så snart som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når ein meiner at vedtaket vil bli gjort.

Mottaker

Det er fylkeskommunen som har ansvaret og som avgjer om du har rett til skuleskyss. Dette gjeld likevel ikkje om du er elev i grunnskulen og har ein spesielt farleg eller vanskeleg veg. Da er det kommunen som har ansvaret og som avgjer om du har rett til skyss.

(Referanser)

Oppdatert

20.08.2010 11:55
Tilbake
Odda kommune Besøksadr. Rådhuset Opheimsgata 31
5750 Odda
E-post : post@odda.kommune.no
Telefon
: 53 65 40 00

Faks
: 5365 4051
Org.nr.
: 964 967 814
Kontonr.
: 3201.50.24584
Kommunenr.
: 1228
Odda kommune Opheimsgata 31, 5750 Odda Tlf: 53 65 40 00 post@odda.kommune.no