Tryggingsalarm

Bur du aleine og treng å tilkalle hjelp i akutte situasjonar, kan du søkje om tryggingsalarm. Tryggingsalarmen er knytta til ein vaktsentral, som formidlar kontakt vidare til heimesjukepleia. Vaktsentralen eller personell frå kommunen rykkjer ut heile døgeret dersom alarmen går.

Målgruppe

Eldre, funksjonshemma og andre som kan kjenne seg utrygge ved å bu aleine.

Behandling

Kommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Normalt vil vi komme på heimebesøk. Deretter blir det gjort eit vedtak. Normalt får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein trur at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen før klagefristen for vedtaket går ut.

Klage

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.

Veiledning

Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om tryggingsalarm, eller du kan be andre hjelpe deg dersom du har behov for det. Dersom ein annan søkjer på dine vegner, må vedkommande ha fullmakt. 

Behandlingstid

Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når ein ventar at vedtaket blir gjort.

(Referanser)

Oppdatert

21.12.2011 12:14
Tilbake
Odda kommune Besøksadr. Rådhuset Opheimsgata 31
5750 Odda
E-post : post@odda.kommune.no
Telefon
: 53 65 40 00

Faks
: 5365 4051
Org.nr.
: 964 967 814
Kontonr.
: 3201.50.24584
Kommunenr.
: 1228
Odda kommune Opheimsgata 31, 5750 Odda Tlf: 53 65 40 00 post@odda.kommune.no