• {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
  • {{sprakVariabler[s.stegnavn]}}
Krever innlogging: Valgfri innlogging til: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}
{{sprakVariabler['LoggInnEpost']}} hjelp

{{sprakVariabler['InnloggingWizardInnloggingTooltip']}}

{{sprakVariabler['InnloggingWizardInnloggingTooltipUtenMinId']}}


{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre til skjemaet

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

Nettlesersesjonen er utløpt, og utfylling som ikke er lagret kan være tapt. Vennligst last siden på nytt for å fortsette på skjemaet.

Skjemautfylling

Søknad om helse- og omsorgstjenester

TILDELING AV HELSE-OG OMSORGSTENESTER.

Odda kommune har eit tildelingskontor som skal sikra lik tilgang på helse-og omsorgstenester for innbyggjarane, uavhengig av alder,tenestebehov og bustad.

Søknader og spørsmål knytt til helse-og omsorgstenester i kommunen skal rettast til tildelingskontoret.

Koordinerande eining for habilitering og rehabilitering

Odda kommune har ein koordinerande eining med ansvar for å sørge for at brukarar med omfattande tenestebehov får samordna tenester for å sikre eit heilskapeleg tilbod.

Kreftkoordinator

Odda kommune har ein eigen kreftkoordinator som skal yte bistand til personar med kreft. Dette er ein lett tilgjengelig teneste som ikkje krev søknad.

Ved tildeling av tenester vert det lagt vekt på brukardeltaking med fokus på

  • Hjelp til sjølvhjelp
  • Kva du kan klare sjølv
  • Kva eventuell andre i husstanden kan klare
  • Kva du og våre medarbeidarar kan gjera saman
  • Kva våre ansatte kan hjelpa deg med

Målet er å bidra til ein så uavhengig og sjølvhjulpen kvardag som mogeleg.

Du kan søkje om

  • Omsorgsbustad/Omsorgsbustad for demente med 24 timars tilsyn
  • Tryggleiksalarm
  • Støttekontakt
  • Matombringing
  • Praktisk bistand(heimehjelp)
  • Heimesjukepleie
  • Hjelpemidlar
  • Omsorgsstønad
  • Avlastning
  • Dagaktivitetstilbod(for brukarar som har demens sjukdom)
  • Dagtilbod for brukarar innan psykisk helse eller brukarar med funksjonshemming.
  • Dag- og nattopphald
  • Kortidsopphald på institusjon
  • Periodevise kortidsopphald på institusjon
  • Rehabiliteringsopphald på institusjon
  • Langtidsopphald på institusjon
  • Brukarstyrt personleg assistent
  • Koordinator og Individuell plan
  • Hverdagsrehabilitering

Tildelingskontoret kan ikkje tildela

  • Legehjelp
  • Helsesøster-og skulehelsetenester
  • Fysioterapi og ergoterapi
  • TT-kort
  • Kommunale boligar, trygdeboligar

Når får du svar

Du vil innan 7 dagar få svar på at søknad er mottatt.

Sakshandsamingstida er normalt sett til 3 veker. Då vil det føreliggja anten eit vedtak om kva og kor mykje hjelp du vert tildelt, eller du vil få avslag på søknaden. Dersom det er vedtak på ei teneste, skal denne starte opp så snart som mogeleg. Nokre tenester kan det vera ventetid på.

I nokre høve er det behov for ei meir utgreiing for å finna det rette tenestetilbodet.

Dersom du søker om institusjonopphald og ikkje har hjelp frå heimesjukepleien til administrering av medisiner, må du leggja ved oppdatert medisinliste frå fastlegen din. Dersom du ikkje vedtak på helsetjenester i heimen frå før, ønsker vi at du leggjer ved oppdaterte medisinske opplysningar frå fastlegen.

Du vil få melding om kva som skal gjerast før det kan fattast endeleg vedtak, samt kor lang sakshandsamingstid ein reknar med.

Individuell vurdering

Alle søknader om tenester vert vurdert individuelt av fagpersonar. Vurderinga skjer i dialog med deg anten pr telefon, møte på tildelingskontoret eller ved heimebesøk. Samarbeidet med deg som søkjer er viktig for å finna fram til rett tenestetilbod. Sakshandsamar og dei som utfører tenesten samarbeider og har teieplikt.

Vedtak

Tildelingskontoret fattar vedtak som i hovudregel gjeld for ein bestemt periode. Vedtaket beskriv kva slags teneste du får og evt mengde og type hjelp som vert tildelt. Dersom det skal betalast for tenesten, vil dette stå i vedtaket.

Dersom behovet for hjelp vert endra, pliktar du, dine pårørande eller dei som utfører tenesten å melde frå til tildelingskontoret, slik at nytt vedtak vert fatta.

Vederlag og eigenandel

Matombringing, dagsenter,dagopphold, tidsbegrensa opphald i sjukeheim – det er eigenandel uavhengig av inntekt.

Praktisk bistand og tryggheitsalarm – eigenandelen blir rekna ut frå skatteoppgjør frå siste år.

Langtidsplass i sjukeheim – ein betalar 75% av grunnpensjon og 85% av anna inntekt etter frådrag av skatt m.m. og opplysningar om skatteoppgjør, inntekt, renteinntekter,stønad frå folketrygda og private pensjonar må sendast institusjonen.

Omsorgsbolig – ein inngår avtale om husleige og betalar fast husleige kvar mnd.

Klage

Du kan klage på avslag på søknad eller på at du får mindre hjelp eller anna hjelp enn den du har søkt om. Du kan og klage på kvaliteten på dei tenestane som vert utført.

Korleis du skal klage og kor klagen skal sendast, vil stå i vedtaksbrevet.

Henvendingar

Treng du bistand til å søkje, klage eller andre råd om tenester osv, kan du ta kontakt med tildelingskontoret

Telefon: 53 65 47 16 og 53 65 47 12 , E-post: tildelingskontor@odda.kommune.no

Søknaden vert handsama konfidensielt i tråd med:

Offentlegsheitlova § 13: Opplysningar som er underlagt teieplikt i lov eller i medhald av lov, er unnateken frå innsyn

Forvaltningslova § 13: Einkvar som utfører tenester eller arbeid for eit forvaltningsorgan, pliktar å hindra at andre får adgang eller kjennskap til det han får vita i høve til tenesten eller arbeidet.

Odda kommune nyttar elektronisk system for pasientjournal, for sakshandsaming og journalføring. Når du søkjer om tenester, blir du registrert i dette systemet. I tråd med Helseregisterlova og IPLOS forskrifta, vert det registrert IPLOS ( Individbasert pleie og omsorgs statistikk), som er data som kommunane rapporterar anonymt til staten.

Hjelp
Lukk
  1. Klikk på Hjelpesymbol der du trenger hjelp til utfyllingen
  2. Skjemaet lagrer svarene underveis i utfyllingen. Hvis du velger å avbryte ved f.eks. å lukke nettleservinduet eller trykke på Avbryt-knappen og deretter bekrefter at du vil avbryte utfyllingen, vil all informasjon bli borte.
  3. Ingenting sendes inn før du selv ber om det, ved å velge Send inn-knappen. Den kommer fram etter at opplysningene er kontrollert og godkjent på oppsummeringssiden.

Bruk og utfylling

Klikk på hjelpesymbolene for informasjon om utfylling.

* Betyr obligatorisk for utfylling

Etter 20 minutt uten aktivitet kan utfylling av skjema gå tapt.

Klikk på Hjelp øverst til høyre for generell hjelp om skjema.
Vennligst vent...

Loader

Skjemaeier: Odda kommune | Brukerstøtte telefon 53 65 40 00 | Brukerstøtte epost: epost@odda.kommune.no

Denne siden bruker informasjonskapsler. Informasjonskapsler lagrer opplysninger i din nettleser til statistikkformål og for å forbedre funksjonaliteten til nettsiden. For detaljerte opplysninger om vår bruk av informasjonskapsler, klikk Hjelp.
Lukk
Hjelp
Under finner du en oversikt over informasjonskapslene som benyttes på siden. Ved å benytte denne nettsiden samtykker du til at informasjonskapslene lagres i din nettleser. Om du ikke samtykker må du stille inn din nettleser til å ikke akseptere lagring av informasjonskapsler. Dette kan gå ut over funksjonaliteten på nettsiden.
Bruk av informasjonskapsler reguleres av ekomlovens §2-7b.
ASP.NET_SessionId:Brukes av ASP.NET for å identifisere hver enkelt bruker.
GodkjentCookies:Brukes for å vite om brukeren har akseptert bruk av informasjonskapsler.
_ga:Brukes av Google Analytics for å skille hver enkelt bruker.