Feiing og tilsyn med fyringsanlegg i bustad


Aksjon boligbrann
Aksjon boligbrann

I Odda kommune blir feiing og tilsyn utført av kommunal feiar.
Odda kommune blir delt opp sonevis med feiing annan kvart år og tilsyn kvart fjerde år. Praktisk gjennomførast det slik at ein tek feiing på ca halvparten og tilsyn på ein fjerdepart av fyringsanlegga kvart år.
Feiing og tilsyn med fyringsanlegg er regulert etter Forskrift om brannførebyggande tiltak og tilsyn. Odda kommunestyre vedtar kvart år feiegebyr etter sjølkostprinsippet.

Feieavgifta dekker følgjande tenester:

Feiing:
1. Varsel og gjennomføring av feiing av skorstein annakvart år.
2. Opplysningar om tilstanden til skorsteinen.
3. Råd om rett fyring og om kva ein skal gjera ved pipebrann.
4. Kontroll av eldstad/fyringsanlegg
5. Råd i saker som omhandlar piper/fyringsanlegg
6. Førebyggjande brannverninformasjon

Tilsyn:
1. Varsel og gjennomføring av tilsyn av eldstader kvart fjerde år.
2. Opplysningar om tilstand på eldstaden.
3. Råd om rett fyring og om kva ein skal gjera ved pipebrann.
4. Råd om plassering, vedlikehald og bruk av sløkkjeutstyr
5. Råd om plassering og vedlikehald av røykvarslarar.

Ansvar:
1. Eigar har ansvaret for at fyringsanlegget er intakt og verkar som det skal. Eigar har og ansvaret for at tilkomsten til skorstein og eldstader er tilfredsstillande.
2. Kommunen ved brannsjefen har ansvar for at det vert gjeve tilbod om ei tilfredsstillande feie- og tilsynsteneste. Vidare skal kommunen ved brannsjefen føra oversikt over alle fyringsanlegg i kommunen.


 
Sist endret 16.02.2012
Telefon :
53 65 46 66
Mobil :
97 55 86 17
E-post :
karsten.maakestad@odda.kommune.no
Tittel :
Brannmester/feier
Bunnhjørne
Odda kommune Opheimsgata 31, 5750 Odda Tlf: 53 65 40 00 post@odda.kommune.no      Faktura okonomi@odda.kommune.no