Farleg stoff

Kommunen gjev ikkje lenger løyve til oppbevaring av farleg stoff. Ein må no melda inn mengder av stoff ein oppbevarar til DSB.

Propanflasker
Propanflasker

 


Med innføring av forskrift 8. juni 2009 nr. 602 om handtering av farleg stoff fall alle løyver gitt med hjemmel i dei no oppheva forskriftene bort. Hovudregelen etter gjeldane regelverk er at det ikkje skal søkast om løyve for oppbevaring, omtapping el. av farleg stoff. Når ein privat person eller verksemd oppbevarar farleg stoff over ei viss mengde, skal dette meldast inn til DSB via Altinn.

Eit unntak er gjort når det gjeld samtykkepliktige verksemder etter § 17 ( dvs. storulykkeverksemder, verksemder som omlastar farleg stoff frå skip til skip, og verksemder som transporterar farleg stoff i røyrledningar med driftstrykk over 16 bar). Desse skal innhenta samtykke. I desse tilfellene er det DSB, ikkje kommunen, som skal behandla søknaden.

Kommunene er den primære tilsynsmyndigheiten når det gjeld dei aller fleste anlegg som handterar farleg stoff. Unntak gjeld også her anlegg som etter  § 17 er samtykkepliktige.

DSB har utarbeida fleire temaveiledarar til hjelp med innmelding av farleg stoff. Desse blir blir lagt ut på deira heimeside og er eit nyttig verktøy korleis ein går fram for å melda inn farleg stoff.

Varsling av ulukker

Verksemder skal med ein gong varsle DSB om større ulukker i samband med handtering av farleg stoff, sjå forskrift om håndtering av farlig stoff § 20 første ledd. Slik varsling bør skje telefonisk. Føremålet er å gje DSB nok kunnskap om hendinga til å kunne gje korrekt informasjon til det ålmenne folk, media, overordna styresmakt mv.


Innmelding av uhell:
Uhell og ulukker i samband med handtering av farleg stoff skal rapporterast til DSB. Slik rapportering skal no skje elektronisk, ikkje via skjemaet HR 113.

Oppbevaring av gass i bustad

I bustad, garasje, o.l. er det sett avgrensingar på kor store mengdar farleg stoff som kan oppbevarast. (Sjå § 6 i forskrifta). Hjå DSB finn ein informasjon om korleis oppbevaring av gass skal gjerast.

Oppbevaring av brannfarleg væske i bustad

I bustad kan ein maksimalt oppbevara 10 liter bensin eller anna brannfarleg væske i kategori 1 og 2. Ein kan oppbevara 200 l fyringsolje eller diesel. I frittligjande garasje, uthus kan ein oppbevara maksimalt 50 liter bensin. All oppbevaring skal skje på kanner/embalasje som er godkjend for slik bruk.Meir informasjon finn ein på DSB sine sider om Farleg stoff.

 

 


 
Sist endret 24.02.2012
Odda kommune Opheimsgata 31, 5750 Odda Tlf: 53 65 40 00 post@odda.kommune.no      Faktura okonomi@odda.kommune.no