Montering av eldstad

Frå 01.07.11 er montering av eldstad heilt unnateke søknadsplikt jf. SAK10 4-1. Det er heller ikkje krav om kontroll. Men det er framleis meldeplikt til kommunen ved brannsjefen ved montering av eldstad.
 

Det er ikkje lenger søknadsplikt når ein installerer, endrar og reparer ein eldstad i eksisterande byggverk innanfor ein brukseining eller branncelle. Det er heller ikkje krav til at kvalifisert person skal utføra ein uavhengigkontroll når ein har gjort nemnde endringar.

Det som er viktig å merka seg er at etter forskrift om brannforebyggende tiltak og tilsyn (FOBTOT) § 2-4 føreligg det ein meldeplikt til kommunen ved brannsjefen ved installering av eldstad. Brannvesenet er tilsynsmyndigheit for skorstein og eldstader. Feiaren skal under feiing og tilsyn vurdera forhold ved fyringsanlegget og har myndigheit til å gje pålegg om retting m.m., jf. FOBTOT § 7-2. Eventuell feilmontering skal avdekkast ved tilsyn.

Innmelding av eldstader i Odda kommune skal gjerast til Odda brannvesen.

Oppføring og arbeid på skorstein er framleis søknadspliktig etter plan og bygningsloven.

Sist endret 16.02.2012
Odda kommune Opheimsgata 31, 5750 Odda Tlf: 53 65 40 00 post@odda.kommune.no      Faktura okonomi@odda.kommune.no