Reguleringsplaner

En reguleringsplan blir utarbeidd for å visa utnytting og vern av grunn, vassdrag, sjøområde, bygningar og det ytre miljøet i kommunen. Reguleringsplanen kan omfatta eitt eller fleire føremål, til dømes byggjeområde, landbruksområde, offentlege trafikkområde, friområde m.m.

Grunneigarar, rettshavarar og innbyggjarar har rett til å uttala seg når planen blir utarbeidd, og kan klaga på vedtaket i kommunen av planen.


Reguleringsplanar kan utarbeidast som områderegulering eller detaljregulering.


I Odda kommune er det Teknisk forvaltning som står for utarbeiding av kommunen sine eigne reguleringsplanar, og førebur handsaming av eigne planar og planar som er fremja av private.

Når private skal utarbeida reguleringsplan, skal planspørsmålet leggjast fram for planmynde i kommunen (UTK) i eit oppstartsmøte (pbl §12-8).

Sist endret 28.05.2015