Skip Navigation LinksOdda.kommune.no > Tjenester

Kor aktiv må ein vera for å oppnå helsegevinst?

Fysisk inaktivitet er i ferd med å bli framtidas største helseproblem og meir enn to millionar dødsfall per år kan tilskrivast mangel på fysisk aktivitet, i følgje Verdens Helseorganisasjon.
Glade mosjonister | Fotograf: Torhild Solheim
Glade mosjonister fotograf Torhild Solheim
Faktisk er det slik at 30 minutt med rask gange kvar dag gir ein betydeleg helsegevinst. Dette, i kombinasjon med sunt kosthald, kan halvere førekomsten av hjarte - og karsjukdommar.

3 enkle forslag til korleis du kan bli meir fysisk aktiv:
1. Start i det små og gjer det enkelt. Det å gå ein tur i dag er ein flott start. Gå gjerne saman med vener eller familie.

2. Gjer ei vurdering av kvardagen din, og tenk på korleis du kan vera aktiv i staden for passiv. Til dømes kan du la bilen i stå så mykje som mogleg og heller gå eller sykle til jobben eller til skulen.

3. Finn ein aktivitet som du tykkjer er artig.
 
Sist endret 14.05.2013
Virksomhetsleder Marit Dagestad