Tiltak rusmiddelavhengige

Nav har sterkt fokus på arbeid og aktivitet. Arbeid gjer god helse og Nav har fleire verkemiddel for at brukarane skal nå sine mål om arbeid og aktivitet.
Nav Odda har ansvaret for oppfylgjing av rusmiddelavhengige, og dette vert ytt etter Lov om sosiale tenester i Nav, kapittel 4 og sosialtenesteloven kapittel 6.  

Nav Odda kan bistå med:

  • Råd og rettleiing:

Visst du treng hjelp til å koma deg ut av rusmisbruk, kan du vende deg til Nav kontoret. Du vil då få time hjå sakshandsamar, eventuelt aktivitetsleiar. I denne timen vil denne personen i samråd med deg kunne finne ut kva behov du har. For at ein skal kunne tilby deg best mogleg hjelp, er det viktig at du er open og ærleg på rusmisbruket ditt.

  • Henvisning til spesialisthelsetenesta:

Dersom du ynskjer plass i behandlingsinstitusjon, kan fastlegen eller rusmiddelkonsulent på Folgefonn DPS hjelpe deg med å søkje om dette.

Medan du er under rehabilitering kan du til dømes ha rett på oppfylgjing i institusjon, samt at det kan bli gitt nødvendige tiltak ved avslutning av opphaldet.

  • Henvisning til lokale aktivitetstiltak:

Som ein del av ein rehabiliteringsprosess er det å få delta på ulike aktivitetar ofte aktuelt. Det kan vera både trening og arbeid. Både sakshandsamar og aktivitetsleiar ved Nav kontoret vil hjelpe deg til å finne ut kva som kan vera aktuelt for deg.  

  • Utarbeiding av individuell plan:

Om du har behov for langvarige og koordinerte sosial – og helsetenester har du rett på ein individuell plan, jfr. Lov om sosiale tjenester i NAV - § 15.

Ein individuell plan er den rusmiddelavhengige sin eigen plan og skal innehalde dine mål og behov. Den skal bidra til at du som brukar, får eit heilheitleg, koordinert og individuelt tilpassa tilbud. Planen skal gje deg ein oversikt over kva du får av ulike helse- og sosialtenester, når tenesten vert gitt, og korleis dei ulike tenesteytarane skal samarbeida. Planen skal beskriva kven som har ansvar for kva, oppdaterast og endrast når det er behov for det. For utarbeiding av ein slik plan, kontakt Navkontoret.   

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

  

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 


 
Sist endret 01.11.2011
Odda kommune
Besøksadr. rådhuset Opheimsgata 31
5750 Odda
E-post : post@odda.kommune.no
Telefon
: 53 65 40 00

Faks
: 53 65 40 51
Org.nr.
: 964 967 814
Kontonr.
: 3201.50.24584
Kommunenr.
: 1228

(Emnekart - Kontaktperson)

Telefon :
55553333
Tittel :
Aktivitetsleder NAV
Bunnhjørne

Relaterte ressurser

Odda kommune Opheimsgata 31, 5750 Odda Tlf: 53 65 40 00 post@odda.kommune.no      Faktura okonomi@odda.kommune.no