Skip Navigation Links(Hjem) > Tjenester

Arealplanar og samfunnsplanlegging

Samfunnet vårt endrar seg raskt. For å kunne styre utviklinga slik kommunen ynskjer er det viktig å ha gode planprosessar.

 

Odda kommune utarbeider kommunale arealplanar i tillegg til å handsame private, fylkeskommunale eller statlege arealplanar.

Plan -og bygningslova er den sentrale lova for offentlig styring av det fysiske miljøet i kommunen.

 

Ved hjelp av offentlege -og private reguleringsplanar bestemmer kommunen korleis areal skal nyttast. I planprosessen vert det lagt vekt på innsyn og medverknad frå innbyggjarane i kommunen.


 

Planstrategi

 

Planstrategien tek føre seg behovet for planar i kommunen. Dokumentet er veteke av kommunestyret og fungerer som ei prioriteringsliste for planarbeidet i kommunen. Utviklingskomiteen har vedteke at planstrategien skal handsamast to gonger i året i utvalet.

 

Last ned planstrategi (PDF, 504 kB)

Kommunale planar

 

Kommunen utarbeider arealplanar for å leggje til rette for ynsjka arealutvikling. Desse planane er viktige for samfunnsutviklinga innanfor felt som bustad, offentlege tenester, næring og turisme.

               

Link til arealdelen av kommuneplanen

Private planar

  

Alle har rett til å fremje ein privat reguleringsplan. Planen skal likevel vere utarbeidd av ein kyndig fagperson og følgje formkrava (kravspesifikasjonen) for reguleringsplanar.

Odda kommune har utarbeidd ein startpakke for private planframlegg. Denne kan lastast ned under.

                  

Startpakke for reguleringsplanarbeid (PDF, 566 kB)

          

  

Innsyn i kart og plan

   

Kommunen har ei kartinnsynsløysing for innbyggarane. Du kan velge mellom grunnkart, flyfoto og reguleringsplanar. Ver merksam på at ikkje alle regueleringsplanar er tilgjengeleg på nett.

       

Innsyn i kart

          

Planar på høyring eller under varsling

bilete stadanalyse.png - Klikk for stort bilde

Sist endret 10.11.2016
kontaktperson
Telefon :
53654679
Mobil :
97558600
E-post :
kristian.jensen@odda.kommune.no
Tittel :
Plansjef
Bunnhjørne
Artikkel (1)