Skip Navigation Links(Hjem) > Tjenester

Litteratursymposiet i Odda

Litteratursymposiet har egen hjemmeside, sjå her

Ein av haustens høgdepunkt her i vest er det årlege Litteratursymposiet i Odda: eit 5-dagars gilde med forfattartreff, opplesingar, foredrag, filmframsyningar, seminar, skulebesøk, byvandringar, debattar, dialogar og musikk.

Littsymp: barn på Meieriet - Klikk for stort bilde Litteratursymposiet spring ut av Frode Grytten sin forfattarskap. Med den moderne klassikaren "Bikubesong" dikta han Odda inn i norsk litteraturhistorie i 1999. Seinare har fleire forfattarar og skribentar frå Odda oppnådd nasjonalt gjennombrot: Lars Ove Seljestad, Marit Eikemo, Bjørn Ingvaldsen, Hallgeir Opedal, Knut Olav Åmås m.fl.

I løpet av få år har litteratursymposiet i Odda gått frå å vere eit lite lokalt arrangement med einsidig lokalt forankra forfattarar - til å bli ein nasjonal festival som strekker seg over fem dagar.

Litteratursymposiet i Odda står i ei særstilling fordi litteraturen og staden er så tett knytta saman. Den lokale forankringa i alle ledd gir arrangementet ein heilt spesiell energi og atmosfære, og publikumstalet aukar for kvart år. Fleire av arenaene på symposiet er allereie legendariske både i industrihistoria, lokalhistoria – og etter kvart også i litteraturhistoria: Lindehuset i det nedlagde smleteverket, Hardanger Hotell, Odda Kino, Meieriet og dei store bedriftene, Boliden og TTI.