Skip Navigation Links(Hjem) > Tjenester

Oddateppet i kommunestyresalen

Teppe laga av Kristi Meland til rådhusåpninga. | Fotograf: Dan-Erik Aggvin
Teppet i kommunestyresalen fotograf Dan-Erik Aggvin
På veggen bak ordførarbenken i kommunestyresalen heng eit veggteppe vevd av Kristi Meland. Teppet har motiv frå det gamle og nye Odda, og var bestilt til opninga av det nye rådhuset i 1957.
Utgangspunktet for teppet er dei fire elementa eld, luft, lys og jord. Ikkje alle deler av symbolspråket er like lette å tolke. Elden ligg i den raude botnfargen, smelteomn og skorsteinspiper. Globusen peiker på global samanheng og verdshandel. Jord er uttrykt i fruktblome, fjell og grøne bøar. Ein finn også årstidene i ei rekkje andre symbol. Til venstre ser en det gamle Oda med mellomalderkyrkje, lakseelv, bondejente og båtar. Så kjem rallaren inn og fruktblomar må vike for industrien. Teppet måler 330x190 cm og er vevd etter kartong av målaren Arne Breidvik. Det er altså han som har komponert motivet.

Kristi Meland (1886-1965) var kunstvevar og hadde mange store oppgåver, mellom anna har ho vevd eit teppe til dronning Juliana av Holland. Ho var busett nær Norheimsund i Kvam herad og var i sitt andre ekteskap gift med felespelaren Halldor Meland. Ho hadde sleksrøter på Freim, Sandvin, Eide og Berge. Faren var Jacob Jørgenson Freim, som busette seg på Naustbakken i Tyssedal og blei kalt Jacob Naustbakken. Mora var Sigrid Johannesdotter Sandvin.

Kjelde: Hardanger folkemuseum
Sist endret 08.11.2011
Artikkel (1)