Skip Navigation Links(Hjem) > Tjenester > Teknisk forvaltning
Publisert 10.11.2011

En reguleringsplan blir utarbeidd for å visa utnytting og vern av grunn, vassdrag, sjøområde, bygningar og det ytre miljøet i kommunen. Reguleringsplanen kan omfatta eitt eller fleire føremål, til dømes byggjeområde, landbruksområde, offentlege trafikkområde, friområde m.m.

Grunneigarar, rettshavarar og innbyggjarar har rett til å uttala seg når planen blir utarbeidd, og kan klaga på vedtaket i kommunen av planen.


Reguleringsplanar kan utarbeidast som områderegulering eller detaljregulering.


I Odda kommune er det Teknisk forvaltning som står for utarbeiding av kommunen sine eigne reguleringsplanar, og førebur handsaming av eigne planar og planar som er fremja av private.

Når private skal utarbeida reguleringsplan, skal planspørsmålet leggjast fram for planmynde i kommunen (UTK) i eit oppstartsmøte (pbl §12-8).

Publisert 04.04.2013


Alle som ønskjer å nytta motorkøyretøy, inklusiv snøscooter, i utmark, må ha løyve frå kommunen og løyve frå grunneigar, der han ikkje sjølv eig grunnen han skal køyre på.
Unnateke frå kravet om kommunalt løyve er; køyring som er direkte heimlet i § 4, i lov om motorferdsel i utmark og vassdrag, og § 3, i forskrift for bruk av motorkøyretøy i utmark og på islagde vassdrag.
Søknad om å nytta motorkøyretøy i utmark skal fremjast på eige søknadsskjema, som ein finn under selvbetjening.

Publisert 08.04.2015
Publisert 10.06.2015

 Hordaland fylkeskommune, planavdelinga, var 10.06.15 på kommunebesøk i Odda.

Her kan du sjå presentasjonen som vart gjeve frå Odda kommune (PDF, 7 MB)


Publisert 14.03.2016
ikon-leser plan.png

Odda kommune leverer nå eiendomsinformasjon gjennom Ambita INFOLAND. 

Publisert 17.10.2016
Saksbehandlingsfristar

Odda kommunestyre har vedtatt planstrategi for 2016-2019. Strategien gjev føringar for kva planarbeid kommunen skal prioritere i perioden, samt korleis slikt arbeid skal finansierast.  

Publisert 17.10.2016
bilete stadanalyse.png

Samfunnet vårt endrar seg raskt. For å kunne styre utviklinga slik kommunen ynskjer er det viktig å ha gode planprosessar.

 

Odda kommune utarbeider kommunale arealplanar i tillegg til å handsame private, fylkeskommunale eller statlege arealplanar.

Publisert 21.10.2016
Jernroseplassen.jpg

Odda kommune og lyskonsulent Zenisk AS er nominert til Norsk Lyspris for Lysplan for Smelteverkstomta. Prisutdeling finner sted den 9. november i Oslo.

 

Publisert 07.11.2016
cyanamiden.jpg

28.09.16 vart ein merkedag i Odda. Kommunestyre vedtok då reguleringsplan for Smelteverkstomta-Sentrum.  

 

Planen gjev føringar for korleis sentrum skal utvikle seg dei neste åra og korleis ein skal forhalde seg til dei freda kulturminna på Smelteverket.

Publisert 14.11.2016
Oppstart av planarbeid E134 Vågsli-Seljestad

Statens vegvesen varslar med dette nytt oppstart av arbeid med reguleringsplan og høyring av planprogram til KU for deponi, jf. plan- og bygningslova §§ 128 og 12-9. Tiltakshavar er Statens vegvesen og planmyndigheiter er Vinje og Odda kommune.

 

Frist for innspel er 8. januar 2017.

Publisert 25.11.2016
ikon-leser plan.png

Utviklingskomiteen har vedteke planprogram for reguleringsplan Langedalshaugen. Planid: 2016002.  

Publisert 12.01.2017
ikon-leser plan.png

21.12.16 vedtok Odda kommune reguleringpslan for Lontjørnshaugane. Planen er ein revidering av deler av bebyggelsesplan for Solfonn-Langedalen frå 2007. Endringa legg til rette for ei god utvikling av hytteområdet like over Solfonn.  

Publisert 03.02.2017
Seawalk ill

Odda kommune har motteke søknad om oppføring av Seawalk landanlegg for cruisebåtar i Odda sentrum.

 

Som ein del av saksførebuinga ynskjer kommunen innspel frå offentlege mynde eller andre partar som vil vere berørt av tiltaket.

 

 

 

Publisert 20.02.2017
2015007 Planområde

I samsvar med Plan- og bygningsloven § 12-8 vert det varsla at Odda kommune set i gong arbeid med detaljreguleringsplan for Almerket, PlanID: 12282015007.

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}