Skip Navigation Links(Hjem) > Kunngjøringer

Avgrensa høyring av reguleringsplanforslag E134 - Kryssområde mellom Solfonn og Løyning i Odda kommune

2016004 Kryssløysing 1 - Klikk for stort bilde

Det vert no avgrensa høyring på kryssløysinga ved Solfonn og informasjonsmøte 1.mars.

Reguleringsplanframlegg for E134 Vågsli - Seljestad vart sendt på høyring og låg ute til offentleg ettersyn i tidsrommet juni- august 2018, med frist for merknader 20. august 2018. Som vedlegg til planforslaget vart det lagt ut eit silingsnotat for kryssløysing Solfonn og Løyning, datert 22.06.2018.


På bakgrunn av høyringsuttalar til planforslag og silingsnotat kravde Odda kommune at det skulle arbeidast vidare med to alternative kryssløysingar med E134 til Solfonn og Løyning. Begge alternativa som føreligg ved no lagt ut til avgrensa offentleg ettersyn som to likeverdige alternativ med plankart og tilhøyrande føresegner. Alternativa og verknadene av desse er skildra i eit eige notat.

2016004 Kryssløysing 2 - Klikk for stort bilde

Alternativ 1 og alternativ 2 er tilnærma like trafikalt, men råkar ulike område og får noko ulike verknader for landskap, kulturminne og kulturmiljø, og eigedomsinngrep. Begge alternativa vert av Statens vegvesen vurdert å vere betre enn opphavleg planforslag som låg til offentleg ettersyn i 2018. Odda kommune har per i dag ikkje teke stilling til kva alternativ som skal veljast.


Etter at alternativa har vore på avgrensa høyring, vil kommunen handsame innkomne merknader og uttalar og ta stilling til kva alternativ som skal fremjast til 2. gangs handsaming og endeleg vedtak i kommunestyret.

 

Til 2. gangs handsaming og endeleg vedtak av plan vil det i tillegg verte gjort mindre planendringar som vegvesenet og kommunen saman har vurdert kan gjerast utan ny høyring. Planmateriale til 2. gangs handsaming vil omfatte flaumsonekartlegging, samt oppdaterte plankart, føresegner og planomtale i samsvar med valt kryssalternativ for Solfonn og Løyning.

 

Dokumenta knytt til denne avgrensa høyringa kan ein finne her:

https://www.vegvesen.no/Europaveg/e134vagsliseljestad/Nyhetsarkiv/to-alternativ-for-krysset-mellom-solfonn-og-loyning

 

Planframlegget som var på høyring somaren 2018 inneheld meir bakgrunnsinformasjon og dette kan ein finne her.

https://www.vegvesen.no/Europaveg/e134vagsliseljestad/reguleringsplanar/roldalstunnelen-seljestad/reguleringsplan-roldalstunnelen-seljestad

 

Innspel og merknader

Me ber om at berørte partar og andre med interesse for planarbeidet kjem med innspel til oss. Frist for innspel er sett til 1. april 2019.

 

Innspel kan sendast Odda kommune per epost til postmottak@odda.kommune.no

Eller per brev til:

Odda kommune

Opheimsgata 31

5750 Odda

 

Merk innspelet med «Planid:2016004 – E134 - avgrensa høyring».

 

Informasjonsmøte

Odda kommune og Statens vegvesen inviterer til informasjonsmøte fredag 1. mars kl. 1800-2000 i restauranten på Solfonn. Me orsakar noko kort frist – dette har samanheng med ynskjer om å avhalde møtet i vinterferien. I møtet vil Statens vegvesen informere om den nye, alternative kryssløysinga. Det vil òg bli opna for spørsmål og innspel frå dei frammøtte.

 

 

 

Publisert av Kristian Bondhus-Jensen. Sist endret 21.02.2019

Logg inn


Kontaktinformasjon

Odda kommune
Besøksadr. rådhuset Opheimsgata 31
5750 Odda
E-post : post@odda.kommune.no
Telefon
: 53 65 40 00

Org.nr.
: 964 967 814
Kontonr.
: 3530 30 66975
Kommunenr.
: 1228
Odda kommune Opheimsgata 31, 5750 Odda Tlf: 53 65 40 00 post@odda.kommune.no      Faktura okonomi@odda.kommune.no