Skip Navigation Links(Hjem) > Kunngjøringer

Forprosjekt Strandpromenade i Odda sentrum

Den siste tida har Odda kommune arbeidd med å greie ut moglegheitane for å få etablert ein samanhengande strandpromenade mellom «elvevegen» og Sørfjordssenteret i Odda sentrum. Desse vurderingane er samla i eit forprosjekt som skildrer moglege løysingar.  

Forprosjektet peikar spesielt på behovet for å raskt komme i gong med å utbetre situasjonen mellom Sørfjordssenteret og Torget. Dette av omsyn til trafikksikkerheit og opplevinga besøkande har av Odda sentrum.

 

Me ynskjer innspel frå grunneigarar i nærområdet, og særleg frå næringsdrivande langs den framtidige trasèen, for at prosjektet skal bli så godt som mogleg.

 

Denne våren vil me nytte til å løyse konkrete problemstillingar og detaljprosjektere første trinn. Kommunestyret har bevilga kr. 2 mill. til detaljprosjektering og gjennomføring av deler av prosjektet i 2019.

 

Me ber såleis om innspel og dialog i løpet av februar månad. Innspel kan sendast kbj@odda.kommune.no eller ein kan ringe direkte til Kristian Bondhus-Jensen – 975 58 600.

 

Me vil gjerne møte dei som interesserer seg for arbeidet.

 

Last ned dokumentet her. (PDF, 7 MB)

 

 

Publisert av Kristian Bondhus-Jensen. Sist endret 04.02.2019

Logg inn


Kontaktinformasjon

Odda kommune
Besøksadr. rådhuset Opheimsgata 31
5750 Odda
E-post : post@odda.kommune.no
Telefon
: 53 65 40 00

Org.nr.
: 964 967 814
Kontonr.
: 3201.50.24584
Kommunenr.
: 1228
Odda kommune Opheimsgata 31, 5750 Odda Tlf: 53 65 40 00 post@odda.kommune.no      Faktura okonomi@odda.kommune.no