Skip Navigation Links(Hjem) > Kunngjøringer

Offentleg ettersyn av reguleringsplan for Solfonn

ikon-leser plan.png - Klikk for stort bilde

Utviklingskomiteen i Odda kommune vedtok, den 04.09.19, å leggja detaljreguleringsplan for Solfonn ut på offentleg ettersyn. 

Føremålet med planen er å leggja til rette for å realisera byggjetrinn 3 på Solfonn.

 

Planen legg til rette for 50-55 nye leilegheiter i tre separate bygg, med føremål fritidsbustad og kombinert føremål næring og fritidsbusetnad. Aktuelle problemstillingar i planen er trafikk, nabotilhøve, struktur og høgder.

 

I perioden planen er på offentleg ettersyn ber vi om innspel. Frist for å komma med innspel er sett til fredag 25.10.19. Innspel skal merkast med saksnr. «merknad planid: 2018007» og sendast til postmottak@odda.kommune.no.


Dokumenta i saka kan lastast ned her:

Plankart (PDF, 543 kB)

Planskildring (PDF, 7 MB)

Føresegner (PDF, 124 kB)

Brannotat (PDF, 2 MB)

Illustrasjonsplan (PDF, 4 MB)

Sol- og skuggeanalyse (PDF, 407 kB)

Trafikkanalyse (PDF, 5 MB)

Vedtak om offentleg ettersyn (PDF, 683 kB)

 

Solfonn situasjonsplan - Klikk for stort bilde

Publisert av Kristian Bondhus-Jensen. Sist endret 10.09.2019

Logg inn


Kontaktinformasjon

Odda kommune
Besøksadr. rådhuset Opheimsgata 31
5750 Odda
E-post : post@odda.kommune.no
Telefon
: 53 65 40 00

Org.nr.
: 964 967 814
Kontonr.
: 3530 30 66975
Kommunenr.
: 1228
Odda kommune Opheimsgata 31, 5750 Odda Tlf: 53 65 40 00 post@odda.kommune.no      Faktura okonomi@odda.kommune.no