Skip Navigation Links(Hjem)

Offentleg ettersyn av reguleringsplan for E134

Utviklingskomiteen i Odda kommune vedtok 02.05.18 å leggje reguleringsplanane for ny E134 mellom fylkesgrensa og Seljestad ut på offentleg ettersyn i 10 veker. Det er Statens vegvesen som fremjer planane og Odda kommune som handsamar dei.  

Informasjon om saka

 

Alle dokumenta i saka, som plankart, skildringar og føresegner er å finne på Statens vegvesen sine internettsider.

 

Alternativvurdering - kryss Solfonn (PDF, 12 MB)

 

https://www.vegvesen.no/Europaveg/e134vagsliseljestad/reguleringsplanar

 

Her vil det òg bli lagt ut tilleggsutgreiing av alternative kryssløysingar ved Solfonn/Løyning 22. juni. Denne rapporten vert ein del av planframlegget Røldalstunnelen-Seljestad etter ynskje frå Utviklingskomiteen i Odda kommune.  Vedtaket frå Utviklingskomiteen kan lastast ned her. (PDF, 2 MB)

 

 

Medverknad i høyringsperioden

 

Det vert lagt opp til to folkemøter i høyringsperioden. Her vil Statens vegvesen presentere planen og lytte til publikum. Odda kommune vil òg vere representert på møta;

 

  • Tysdag 3.juli kl. 1800-2000 i Grendahuset i Røldal

  • Onsdag 4.juli kl. 1800-2000 i restaurant/kafeen på Solfonn.

 

I tillegg vil Statens vegvesen og Odda kommune vere tilgjengeleg for konkrete diskusjonar om prosjektet to dagar;

 

  • Onsdag 4. juli kl. 0900-1400 på Skysstasjonen i Røldal.

  • Torsdag 5. juli kl. 0900-1400 på Brannstasjonen, 2.etg, i Odda.

 

 

Skriftlege innspel til planframlegget

 

 

Me ber om at skriftlege innspel til planframlegga vert sendt Statens vegvesen innan 20. august 2018. Merk innspelet «E134 Vågsli-Seljestad».

 

Du kan sende på epost til firmapost-vest@vegvesen.no

Eller i brev til;

Statens vegvesen Region Vest

Askedalen 4

6863 Leikanger

 

 

Kontaktpersonar for Statens vegvesen er:

Åge Jonn Hillestad. Tlf: 950 46 063 - Epost: aage.hillestad@vegvesen.no

 

Sindre Egeland. Tlf: 481 237 04 - Epost: sindre.egeland@vegvesen.no

 

Kontaktperson for Odda kommune er:

Kristian Bondhus-Jensen. Tlf: 975 58 600 – Epost: kbj@odda.kommune.no

 

 

 

 

Publisert av Kristian Bondhus-Jensen. Sist endret 22.06.2018

Logg inn


Kontaktinformasjon

Odda kommune
Besøksadr. rådhuset Opheimsgata 31
5750 Odda
E-post : post@odda.kommune.no
Telefon
: 53 65 40 00

Faks
: 53 65 40 51
Org.nr.
: 964 967 814
Kontonr.
: 3201.50.24584
Kommunenr.
: 1228
Odda kommune Opheimsgata 31, 5750 Odda Tlf: 53 65 40 00 post@odda.kommune.no      Faktura okonomi@odda.kommune.no